Miljøarbeidar
Rubbestadneset skule, Bømlo kommune
Ramskleiva 49, 5420 Rubbestadneset
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 70%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Rubbestadneset skule søkjer etter ein engasjert miljøarbeidar til skule og SFO. Me ser etter deg som er glad i barn og unge, og som har lyst til å bidra til å utvikle eit trygt og inkluderande miljø – både i undervisning og i SFO.
Som miljøarbeidar hos oss vil du vere ein viktig del av laget rundt eleven. Du vil jobbe tett saman med lærarar og andre miljøarbeidarar for å skape gode relasjonar, trygge skuledagar og eit variert og utviklande SFO-tilbod.
Rubbestadneset skule har ledig ei fast stilling som miljøarbeidar i 70 %.
Om skulen:
Rubbestadneset skule er ein 1.–7. skule med tilhøyrande SFO. Skulen har i dag 174 elevar og 76 barn i SFO.
Me har òg ei innføringsklasse med tilrettelagd undervisning for elevar frå mange ulike land, noko som bidreg til eit rikt og inkluderande mangfald.
Skulen har eit tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet som lærarutdanningsskule.
Me held til i flotte omgjevnader med stort uteområde og nærleik til skog og natur. Personalet består av om lag 30 tilsette som arbeider godt saman for å gi elevane våre trygge, gode skuledagar og eit inkluderande SFO-tilbod.
Arbeidsoppgåver
- Vere aktivitetsleiar for elevgrupper i SFO og bidra inn i undervisningssituasjonar
- Planleggje og gjennomføre varierte aktivitetar for elevar, både inne og ute
- Bidra til å utvikle eit godt og meiningsfullt innhald i SFO i tråd med rammeplan for SFO
- Leggje til rette for at elevane opplever meistring og trivsel i både skulekvardagen og SFO-tida
- Følgje opp elevar med særskilde behov og bidra til eit inkluderande og heilskapleg læringsmiljø
- Samarbeide tett med kollegaer om oppfølging av einskildelevar og elevgrupper
- Delta i samarbeid med føresette og relevante hjelpeinstansar ved behov
- Bidra til eit trygt, positivt og inkluderande miljø for alle elevar
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Krav:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Relevant arbeidserfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
Ønskjeleg:
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne innan skule og/eller SFO
- Erfaring med miljøarbeid og relasjonsbygging
- Erfaring med oppfølging av barn med særskilde behov
- Kjennskap til bruk av IKT som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Er ein trygg og omsorgsfull vaksen som møter elevar med varme, tydelegheit og respekt
- Er ein god relasjonsbyggar med evne til å skape tillit og gode relasjonar til barn og unge
- Kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar og leie aktivitetar for elevgrupper
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner i møte med elevar, føresette og kollegaer
- Er fleksibel og løysingsorientert, og kan handtere varierte og til tider krevjande situasjonar
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Tone O. Baugstø.
Kontaktinformasjon
Tone O. Baugstø, Rektor, 990 34 994, tone.baugsto@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Ramskleiva 495420 Rubbestadneset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5130306933
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9125ecb7-ed0e-45e8-82a5-8a54050545da
- Sist endret
15. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b48eaa63029410296f1559c623882ec