Miljøarbeidarar
Moster skule, Bømlo kommune
Espelandssjøen 1, 5440 Mosterhamn
Om jobben
- Oppstart
- 10. august 2026
- Stillingstittel
- Miljøarbeidarar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. mai
Ønskjer du å gjera ein forskjell i skulekvardagen?
Me søkjer to engasjerte miljøarbeidarar til vikariat for skuleåret 2026/2027 frå og med 01.08.2026. Stillingane utgjer stillingsprosent på inntil 144%.
Moster skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 256 elevar og 44 tilsette. Skulen har moderne lokale, SFO, skulebibliotek, stor fleirbrukshall og ligg idyllisk til på Bømlo med kort avstand til trekantsambandet. Skulen disponerer eit stort og variert uteområde med leikeapparat, ballbinge og skogsområde som vert nytta aktivt i skulekvardagen. I tillegg har skulen tilgang til kunstgrasbanen til Moster Idrettslag ved behov.
Skulebygget er ein levande møteplass i lokalsamfunnet og vert òg brukt aktivt på ettermiddagstid av mellom anna Bømlo kulturskule, Moster skulekorps, Moster Drill, Bømlo Shotokan Karateklubb og Moster Idrettslag. I 2024 vart Moster skule kåra til Årets Eldsjel gjennom TV-aksjonen, ei anerkjenning som speglar engasjementet og fellesskapet rundt skulen.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte til elevar som har behov for ekstra tilrettelegging i skulekvardagen.
- Praktisk og pedagogisk støtte i klasserom, i mindre grupper og i ein-til-ein-situasjonar.
- Bidra til struktur, tryggleik og føreseielegheit i elevane sin kvardag.
- I samarbeid med kollegaer bidra til at elevane meistrar aktivitetar i kvardagen og får sine behov ivaretekne.
- Førebygging og handtering av utfordrande åtferd.
- Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og hjelpeinstansar.
- Delar av stillinga vil vera knytt til SFO.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Krav:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant pedagogisk/fagleg bakgrunn.
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Erfaring frå arbeid med barn og unge med særskilde behov.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Evne til å ta imot og nytta rettleiing i fagleg arbeid.
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personleg eignaheit og søkjer deg som:
- Brenn for å skapa ein inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevar med ulike utfordringar.
- Er varm og omsorgsfull, samstundes som du er trygg og tydeleg i vaksenrolla.
- Er tolmodig, robust og i stand til å handtera krevjande situasjonar.
- Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med elevar, føresette og kollegaer.
- Er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg endringar i kvardagen.
- Arbeider strukturert og ansvarsmedvite, både sjølvstendig og i team.
- Evnar å skapa gode relasjonar og bidra positivt til fellesskapet på skulen.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor ved Moster skule Joakim Lund.
Kontaktinformasjon
Joakim Lund, Rektor, +47 930 08 438, Joakim.Lund@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Espelandssjøen 15440 Mosterhamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5124633379
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 20.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ceb63318-b915-4dd5-9158-7230f1a5171b
- Sist endret
7. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1180af5ae58d489a891eafb331f8bf31