Miljøarbeidar
Meling skule
Melingsheio 20, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. juni
Er du engasjert i barns oppvekst og vil vere med å sørge for eit variert og godt innhald i klasserommet og skulefritidsordninga? Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Meling skule i Bømlo kommune har ledig 80% fast stilling som miljøarbeidar på i SFO og i undervisningstid frå 01.08.26. Behovet gjeld på SFO før og etter skuletid kvar dag frå kl. 13:00-16:00 og en del i undervisningstida.
Me søkjer deg som vil delta i eit felleskap der me saman jobbar for at elevane skal oppleve respekt, tillit og tydelege forventningar i eit trygt og motiverande miljø.
Meling skule har 200 flotte elevar i eit inkluderande læringsmiljø saman med 36 tilsette. Meling skule er ein 1. - 7. skule og ligg fint plassert i bygda Meling. Delar av skulen er oppussa, med ny SFO base og stort uteområde med lett tilgang til turløype. Skuleåret 2026/2027 blir det 75-80 elevar på SFO.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av elevar med og utan særskilte behov i klasserommet, undervisning og på SFO.
- Oppgåver knytt til praktisk tilrettelegging og gjennomføring av ulike prosjekt.
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar ute og inne for einskild elevar og elevar i gruppe.
- Arbeid på SFO, før og etter skuletid.
- Utføring og oppfølging av lovkrav, av einskilde vedtak for elevar og beskriving av arbeidsoppgåve i Rammeplan for SFO.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
- Gode kommunikasjonsevnar i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Det er ein fordel med erfaring i bruk av IKT som arbeidsverktøy.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Er ein lagspelar med god relasjonskompetanse og godt humør.
- Tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig.
- Er ein tydeleg og god rollemodell for elevane.
- Er fleksibel, løysingsorientert og tolmodig.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor ved Meling skule, Katrine Hausberg.
Kontaktinformasjon
Katrine Hausberg, Rektor, 958 35 391Arbeidsstad
Melingsheio 205430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5133210327
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Katrine Hausberg
Rektor
958 35 391
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4575778d-bf0b-4526-8063-e073cf2fb927
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ddca099ec3d4f819625470c76ddcf5e