Psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar
Psykisk helse og rus
Bøtun 3, 5430 Bremnes
Om jobben
- Oppstart
- 3. august 2026
- Stillingstittel
- Psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 70%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Er du vår nye kollega?
Frå august 2026 får me ledig stilling som behandlar i psykisk helseteneste. Tenesta er ein del av ei større verksemd som også omfattar Rask psykisk helsehjelp (RPH), rustenesta, miljøtenesta og Nyving.
I psykisk helseteneste gir me hjelp og behandling til personar over 18 år med ulike psykiske helseutfordringar – frå moderate til meir alvorlege. Målet vårt er å førebyggje, styrkje meistring og gi behandling som gjer kvardagen lettare for den einskilde. Me legg vekt på aktiv deltaking og samarbeid mellom timane for å oppnå best mogleg resultat.
Hos oss møter du eit fagmiljø med brei kompetanse innan psykisk helsearbeid og vidareutdanning i kognitiv terapi. Me held til i moderne og funksjonelle lokale, der kvar behandlar har sitt eige kontor og gode vilkår for fagleg utvikling og samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Målretta og individuelt tilpassa råd og rettleiing av innbyggjarar i kommunen med moderate til alvorlege psykiske helseplagar.
- Psykoedukasjon.
- Bruk av digitale behandlingsverktøy.
- Samhandling med interne og ekstrerne samarbeidspartnarar.
- Bidra til kompetanseutvikling i avdelinga.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesse. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- Du må vere autorisert sjukepleiar eller vernepleiar.
- Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B er naudsynt. Må disponere eigen bil.
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid.
- Erfaring med profil som dataverktøy.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Kan arbeide sjølvstendig, tek initiativ og samarbeider godt.
- Er trygg i relasjonsarbeid – også i krevjande situasjonar.
- Har evne til å jobbe tverrfagleg og ser verdien av godt samarbeid.
- Er løysingsorientert, strukturert og tek ansvar i arbeidet.
- Er kreativ, open for nye idear og ønskjer å bidra i utviklingsarbeid
Ved tilsetjing vert det gjort ei heilskapleg vurdering, der me legg vekt på utdanning, erfaring, motivasjon og personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer.
- Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode høve for utvikling.
- Ekstern vegleiing.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysningar:
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Ann-Elisabeth eller Synnøve.
Kontaktinformasjon
Ann Elisabeth Haldorsen, Avdelingsleiar, 936 55 289, ann.elisabeth.haldorsen@bomlo.kommune.noSynnøve Sørvik, Verksemdsleiar, 986 62 884, synnove.sorvik@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Bøtun 35430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5117911424
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6ea72a90-5b95-4a07-8f76-c5df1270196c
- Sist endret
23. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2c8152b101564a4595ec4ddf11e2c20d