Hopp til innhold

Sjukepleiarar ved Meland Sjukeheim

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Meland Sjukeheim, Havnevegen 14, 5918 Frekhaug

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiarar ved Meland Sjukeheim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. mars

Om stillinga

Vi har for tida ledig sjukepleiarstilling på dag/kveld på Lerketunet og på natt som er organisert under Solkroken. For stilling på dag/kveld, er det arbeid kvar 3. helg eller langvakter kvar 6. helg (som eit prøveprosjekt). Det er også moglegheit for langvaktsturnus på dag/kveld. På natt er det arbeid 3. kvar helg. Totalt arbeidar ein 16 helger i året ved 3.kvar helg, og 9 helger i året ved arbeid kvar 6.helg.

 Meland sjukeheim ligg sentralt til på Frekhaug, og er lett tilgjengelig med både buss, båt og bil.


Om avdelinga

Hos oss har vi tre avdelingar, med ulike pasient- og brukar grupper. Lerketunet: Lerketunet ei avdeling med 12 plassar for personer som lever med demenssjukdom og treng ekstra tilrettelegging knytt til dette. Her er det fokus på miljøarbeid, og vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet. 

Nordgardstunet: Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringa rmed komplekse sjukdomsbilete, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar.

Solkroken: Solkroken er ein kortidsavdeling, med fokus på rehabelitering hos pasienter som er i behov for dette. Vi har 12 sengeplassar, fordelt på 11 pasientrom. Hos oss får vi inn pasientar med ulike behov; kartlegging, rehabilitering, avlastning og lindring. På Solkroken arbeider vi tverrfagleg i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste, spesialhelsetjenestene og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold, og det er god fagkompetanse hos dei tilsette ved Solkroken. 

På Meland sjukeheim har vi eigne nattevaktar som ivaretek pasientane på heile Meland sjukeheim. Desse er organisert under avdeling Solkroken.


Arbeidsoppgåver

Som eit prøveprosjekt dei siste månadane har vi innført ordning med ansvarssjukepleiar på kveld og helg. Dette innebærer ansvar for heile sjukeheimen saman med evt. annan sjukepleiar på avdelingane. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette. Vi ber om at du i søknadsteksten skriv om du ynskjer dag/kveld stilling eller nattevaktsstilling.


Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjendB2- test

Kven er du?

Vi søkjer etter fagleg dyktige sjukepleiarar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre


Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer 
  • Eit positivt og inkluderand earbeidsmiljø 
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar 
  • Fagleg utvikling 
  • Årsturnus, med muligheter for langvaktsturnus. 
  • Valg mellom arbeid kvar 3. eller 6. helg, der 6. kvar helg er eit prøveprosjekt med langvakter for tilsette på dag/kveld. Turnus for nattevaktar er 3.kvar helg. 
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk 
  • God pensjonsordning gjennom KLP 
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,-over garantiløn etter Hovudtariffavtalen 
  • Som sjukepleiar på natt får ein 18 000,- funksjonstillegg i 100% stilling.

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktpersoner for stillingen

Sigrid-Anne Spjeld

Einingsleiar

+4746280725

sigrid.anne.drivenes.spjeld@alver.kommune.no

Cathrine Thorvaldsen

Einingsleiar

+4796610763

cathrine.lyngset.thorvaldsen@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b9f46792-6e36-42d0-a27c-dfc581a5d142

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10285173

Lignende annonser