Hopp til innhold

Miljørettleiar 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Aure barneskule, Sykkylven kommune

Sted

Dalevegen 47, 6230 Sykkylven

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi har ledig 100 % fast stilling for miljørettleiar frå 05.01.2026.

Stillinga er fordelt mellom skule ( 75% stilling) og SFO ( 25% stilling). I skulefrie periodar arbeider ein heile stillingsprosenten på SFO. 

Stillinga i skulen er knytt til arbeid med elevar og å sikre eit trygt og godt skulemiljø.  

Arbeidsstad

Aure barneskule er ein ny flott skule som opna dørene hausten 2023, og er sentralt plassert i sentrumsområdet i Sykkylven.  
Skulen er ein 1-7 skule med 20 klasser , 2 og 3 parallellar. I tillegg har vi ein stor SFO med om lag 145 barn, fordelt på 3 basar. Skulen har ei ressursavdeling med helsesjukepleiarar, PPT, logopedar, fysioterapeut og ergoterapeut, og er samlokalisert med Sykkylven kulturskule og Aure idrettshall. 

Undervisninga er organisert i eit to-lærarsystem i basisfaga, norsk, matematikk og engelsk, på alle trinn. Det inneber at det er to faglærarar i dei fleste undervisningstimane i desse faga. Skulen har fokus på inkludering og tidleg innsats, og deltek i den nasjonale satsinga Tid for lesing. 

Har du lyst på ein spennande jobb, der du tek del i den viktige og kjekke jobben som samfunns- og relasjonsbyggar saman med dyktige og erfarne kollegaer?   

Søk då vel!


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av enkeltelevar og grupper av elevar i forhold til sosial fungering
  • Planlegge, iverksette og gjennomføre tiltak mot enkeltelevar, grupper av elevar
  • Skape struktur og forutsigbarheit i kvardagen for elevar
  • Jobbe godt i team, og ta initiativ til å løyse og følge opp oppgåver som kjem langsmed
  • Bidra til å avdekke utfordringar i elevmiljøet, utforming av tiltak og følge opp saker
  • Etablere og oppretthalde trygge relasjonar med elevar, spesielt dei med behov for ekstra støtte i skulekvardagen
  • Følge opp enkeltelevar med reguleringsvanskar, sosiale eller emosjonelle utfordringar, og bidra til å styrke deira skulefaglege og sosiale meistring
  • Gjennomføre samtalar med elevar, individuelt og i grupper, med fokus på trivsel, sjølvfølelse, grensesetting og konflikthandtering
  • Vere ein trygg vaksen til stades i friminutta og i andre uformelle arenaer i skulekvardagen
  • Arbeid i skulen sin SFO inngår i stillinga
  • Medansvar for leikeprogrammet Leikepatruljen og elevrådet
  • Oppfølging av bekymringsfullt skulefråvær i samarbeid med kontaktlærar
  • Stillinga krev eit nært samarbeid med skulen sitt øvrige fagpersonale og andre hjelpetenester

Kvalifikasjonar

  • Godkjent relevant høgskuleutdanning som t.d sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar. Eller annan 3-årig høgskuleutdanning, gjerne innan helse- og sosialfag.
  • Praksis frå liknande arbeid er ein fordel
  • Du beherskar norsk, både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein trygg vaksenperson med faglege kvalifikasjonar for arbeid med elevar med ulike behov
  • Ha evne til å oppnå god kontakt og motivere målgruppa
  • Vere positiv og profesjonell, sjølv i vanskelege situasjonar
  • Kunne initiere og følgje opp ulike  læringsaktivitetar som ikkje naturleg fell innafor vanleg klasseundervisning, til dømes praktisk retta læring
  • Vere fleksibel og like å arbeide i team
  • Ha eit elevsyn som fremmer inkludering og likeverd
  • Du er ein tydeleg vaksen som tør å sette grenser
  • Du er tålmodig og evnar å opptre roleg i ein hektisk kvardag
  • Har ei positiv og løysningsorientert grunnhaldning, og behandlar alle barn og voksne med respekt
  • Du samarbeider og kommuniserer godt
  • Du har evne til å vise omsorg og tryggheit
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:

  • Løn etter avtale/tariff
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låneordningar
  • Gode forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Kjersti Hovet, Einingsleiar, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 47
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5047149727
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2025

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b1077cd0-7f14-4190-a179-a0af422f5614

Sist endret

12. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

1fad9e4b44e24822afc6aa1f17782b39

Lignende annonser

Laster lignende annonser