Hopp til innhold

Fagarbeidar/assistent skule

Arbeidsgiver

Sula ungdomsskule, Sula kommune

Sted

Skulevegen 16, 6030 Langevåg

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent skule
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune.

Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Neste skuleår har vi om lag 420 elevar og 60 tilsette.

Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktiv og inkluderande ", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært  og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar.

Vi har frå 01.08.26 ledig inntil fire stillingar som fagarbeidar/assistent i 70% ved Sula ungdomsskule. Det er snakk om både faste og tidsavgrensa stillingar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling.


Arbeidsoppgåver

Assistere i pedagogiske aktivitetar, personleg hygiene og stell. Støtte elevar i fagleg og sosial læring. Delta i arbeidet med å planlegge, tilretteleggje, koordinere og gjennomføre aktivitetar knytta til enkeltelevar og grupper. 

Kvalifikasjonar

Vi søker deg med helsefagleg utdanning og deg som har erfaring frå praktisk arbeid og andre yrkesretta utdanningsprogram.

Du som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeid og annan relevant utdanning / erfaring / praksis kan også bli vurdert.

Personlege eigenskapar

Du må vere aktiv, engasjert og vere god på samarbeid og relasjonsbygging.

Vi bruker læringsbrett i opplæringa, så det er ein fordel at du meistrar digitale reiskapar.

Du må vere raus, omsorgsfull, tolmodig og kunne møte born med ulike behov på ein god måte. Du må takle stress, raske endringar, vere fleksibel og positiv.

Vi tilbyr

 

Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med gode føresetnader for fagleg og personleg utvikling.

Du vil få engasjerte, støttande og profesjonelle kollegaer.

Vi samarbeider tett om elevar og har stort fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling.

Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.

Kontaktinformasjon

Terje Vågnes, Undervisningsinspektør, 46449313, terje.vagnes@sula.kommune.no
Frøydis Volle Åkre, Undervisningsinspektør, 47036166, froydis.volle.akre@sula.kommune.no
Pål Andre Holen, Rektor, +47 93086542, pal.andre.holen@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 16
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5120279947
Stillingsprosent: 70%
Fast, Engasjement
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 17.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Pål Andre Holen

Rektor

+47 93086542

pal.andre.holen@sula.kommune.no

Frøydis Volle Åkre

Undervisningsinspektør

47036166

froydis.volle.akre@sula.kommune.no

Terje Vågnes

Undervisningsinspektør

46449313

terje.vagnes@sula.kommune.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

93091d57-58df-4dca-9b87-5a79190d0d1b

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bf33fdbef7f740ea853a30054173021a

Lignende annonser

Laster lignende annonser