Hopp til innhold

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver

Skodje skule, Ålesund kommune

Sted

Postboks 1521, 6025 Ålesund, Stadionvegen 21, 6260 Skodje

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Skodje barne- og ungdomsskule, Ålesund kommune

Skodje barneskule har ledig ei  fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved ungdomsskuleavdelinga. Stillinga planleggast med 50 % administrasjon og 50 % undervisning eller anna direkte elevretta arbeid.


Stillinga som avdelingsleiar er ei stilling som innehar funksjonen som mellomleiar. Dette inneber at avdelingsleiar har som formål å leie og fordele det faglege arbeidet innafor sitt ansvarsområde på ein fagleg og pedagogisk måte slik at elevane får eit best mogleg læringsutbytte. Avdelingsleiar er ein del av skulen si leiargruppe.


Skodje barne- og ungdomsskule har til saman ca. 400 elevar. På ungdomstrinnet er det om lag 160 elevar hausten 2026. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktivitetar og frileik. Skulen, kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er i umedelbar nærheit til kvarandre.


Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som avdelingsleiar er både utviklande og utfordrande.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og følgje opp det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
  • Dagleg drift av avdelinga, inklusive vikararbeid.
  • Gjennomføre oppfølgingssamtalar og ta ein del av  medarbeidarsamtalar på avdelinga.
  • Samarbeide med og hjelpe lærarane i utfordrande saker.
  • Samarbeide med ulike aktørar slik som; PPT, BUP, barnevern miljøterapeut og helsesjukepleiar i saker på si avdeling.
  • Bidra til utarbeiding av kompetanseutviklingsplan og planlegging av fellestid.
  • Følgje opp lokale læreplanar og aktivitetsårshjul i si avdeling.
  • I samarbeid med den øvrige leiinga prioritere pedagogiske aktivitetar, overordna skuledrift, pedagogiske planar samt årshjul.
  • Overordna ansvar og teknisk støtte for skulen si læringsplattform (Itlsearning)
  • Ansvar for skulen sine kanalar i sosiale medium.
  • Teknisk IT-støtte for elevar og tilsette i samarbeid med assisterande rektor
  • Bidra inn i timeplan-arbeid, oppfølging av arbeidstidsavtalen og individuelle arbeidsplanar i samarbeid med assisterande rektor.
  • Ha ansvar for skuleturar, her under foreldresamarbeid, logistikk og gjennomføring av turar. Arbeid utanfor ordinær arbeidstid må påreknast.
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av foreldremøta.
  • Før, under og etterarbeid i forbindelse med elevundersøkinga, nasjonale prøver mv.

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning samt undervisningskompetanse i fag på ungdomsskulen.
  • Har erfaring som lærer
  • Gjerne innehatt funksjon som team/trinnleiar/avdelingskoordinator.
  • Om kandidaten ikkje har leiarutdanning, til dømes rektorskulen, er det ynskjeleg at dette takast.

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein person som er god på samarbeid, er ein lagspelar og er team -og relasjonsbyggar med gode kommunikasjonsferdigheter.
  • Vi ønsker ein person som ser dei gode løysingane, er ein problemløysar som har pågangsmot og som viser dette gjennom sitt initiativ og engasjement.
  • Personlege eigenskapar vektleggast.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr god pensjonsordning i SPK og lønn i henhold til HTA kp.3.4.3.
  • Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
  • Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
  • Ein skule som kan nytte dei flotte områda i umiddelbare nærhet som alternative læringsarenaer.
  • Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhold og engasjement.

Kontaktinformasjon

Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Stadionvegen 21
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5120114628
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Arild Skistad

Rektor

478 97 914

arild.skistad@alesund.kommune.no

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a6708d2d-be20-475c-bd25-c5adfcaec4d0

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8ff037bf10804b78bdbcdccfbf4ff8ea

Lignende annonser

Laster lignende annonser