Etterforskar
Møre og Romsdal Politidistrikt
Saunesvegen 10, 6065 Ulsteinvik, Svingen 4, 6092 Fosnavåg, Torvmyrane 11b, 6160 Hovdebygda
Om jobben
- Stillingstittel
- Etterforskar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. februar
Om stillinga
Har du interesse for etterforsking og vil vere med på å sikre tryggleik og orden i samfunnet? Søk på fast stilling som etterforskar ved geografisk driftseining Sunnmøre, med arbeidsstad ved ein av våre politistasjonar i Fosnavåg, Ulsteinvik eller Ørsta.
Vi kan tilby eit inkluderande arbeidsmiljø med varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver. Etterforskinga vår er ein integrert del av den interne førebyggingsstrategien og du må pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. For deg som ønskjer det, er det moglegheit for å delta i støtteliste ved vakt og beredskap Søre. Då må du ha IP4-godkjenning, men det er ikkje eit krav.
Ved søknad på stillinga ber vi deg oppgi kva for tjenestestadar du søkjer deg til. Det vil bli gitt meir informasjon om ledige faste stillingar og eventuelt vikariat i løpet av rekrutteringsprosessen.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- etterforske straffesaker, sjøvstendig og i team
- kriminalitetsførebyggjande arbeid
- publikumsmottak
- utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- mogelegheit for støtteliste ved vakt og beredskap (krev min. IP4-godkjenning) og krimvakt i helg
- bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
- andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen ved tiltreding
- god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er ønskjeleg med
- relevant erfaring frå politiet
- etter-/vidareutdanning innan etterforsking
Personlege eigenskapar
- motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
- gode samarbeidsevner
- arbeider strukturert og med god gjennomføringsevne
- har ønskje om fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utfordrande og meiningsfull stilling som etterforskar ved ein av våre politistasjonar
- for særskilt kvalifiserte/erfarne kandidatar tilbyr vi stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000), jmf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 730 000
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området - godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar, les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelsetenest
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. For avgangsstudentar 2026 må vitnemålet ettersendast før tiltreding. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Oddbjørn Myklebust
Politistasjonssjef Volda og Ørsta politistasjon
+4792080809
Hilde Sæter
Politistasjonssjef Ulstein og Hareid politistasjon
+4792261533
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b0cfd963-1e50-4cd1-ab29-f3c5fffc8063
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10280747
Lignende annonser
Etterforskar politibetjent 3/2/1
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Kristiansund N
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Tingvoll