Politibetjent 3/2/1
Møre og Romsdal Politidistrikt
Raumabredda 3, 6300 Åndalsnes, Sjøgata 34, 6390 Vestnes, Strandgata 2, 6415 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Politibetjent 3/2/1 - karriereløpsstilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Om stillinga
Er du politiutdanna og ønskjer deg eit variert karriereløp, der du får prøve deg på fleire tjenesteområde og oppgåver? Vi har stadig behov for fleire medarbeidarar mellom anna som følgjer av at våre tilsette har permisjon eller bidrar i andre delar av organisasjonen. Vi ønskjer deg no fast med på laget for å kontinuerleg vareta samfunnsoppdraget til politiet på ein god måte.
Du vil bli tilsett som politibetjent i Møre og Romsdal politidistrikt med Molde og eventuelt Vestnes, Rauma og Hustadvika som geografisk stadsplassering, men kva for eining du tilhøyrer og arbeidsoppgåvene dine vil variere ut ifrå behovet i politidistriktet. Du vil få eit planlagt karriereløp, med til dømes eit års erfaring frå etterforsking, eit års erfaring frå vakt og beredskap og eit års erfaring frå kombitjeneste. Minst ein periode vil vere hos seksjon for vakt og beredskap. Etter tre år kan du fremje eit ønske om kva for tjenesteområde du ønskjer vidare karriere innan, eller om du ønskjer å fortsette med rotasjon. Vi vil strekkje oss langt for å imøtekomme ønsket ditt, men det må sjåast i samanheng med behova i politidistriktet på tidspunktet.
Utanom ei variert og utviklande stilling, byr Romsdal på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Romsdal? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert for å jobbe innan ulike tjenesteområde og oppgåver i politidistriktet. I vurderinga av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum gjennom sin kommunikasjonen, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- vakt og beredskap
- etterforsking
- førebygging
- andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta
- kan påleggast andre oppgåver
- ein må pårekne turnustjeneste
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen ved tiltreding. Vitnemål, evt. foreløpig karakterutskrift, og utfylt karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx.
- IP4-godkjenning, eventuelt at du kan bli godkjent på nytt
- plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med
- gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skule
- erfaring frå politistilling etter fullført og bestått Politi(høg)skule
Personlege eigenskapar
For å trivast og lukkast i stillinga, ser vi for oss at du
- er fleksibel og motivert for å jobbe innan ulike tjenesteområde og oppgåver i politidistriktet (vektlagt)
- har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å byggje tillit hos publikum
- har gode samarbeidsferdigheiter
- er ansvarsbevisst
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- fagleg utvikling gjennom ei stilling med planlagt variasjon mellom fleire tjenesteområde
- fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
- vakt og beredskap:
- politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 - 640 000
- politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 585 000
- politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 - 560 000
- kombistilling/førebygging/etterretning:
- politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 - 640 000
- politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 585 000
- politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 - 560 000
- etterforsking:
- politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 - 690 000
- politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 - 635 000
- politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 - 610 000
- vakt og beredskap:
- godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
- vedlikehald av IP4-godkjenning
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- tilknytning til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Janne Woie
Politistasjonssjef
+47 986 58 289
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3689f541-675d-4166-9c89-f137d35250d5
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290775