Hopp til innhold

Politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Aurdalsvegen 5, 6690 Aure

Om jobben

Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling som politibetjent 3/2/1 i Smøla og Aure politistasjonsdistrikt. Vi kan tilby eit inkluderande arbeidsmiljø med spennande og varierte arbeidsoppgåver i nye tidsriktige lokaler. 

Det er mogleg å vere med på å påverke eigen turnus og å trene i arbeidstida. Smøla og Aure er begge kommunar der ein kan få sletta delar av studielån. Meir informasjon her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-ordning-for-sletting-av-studielan-no-startar-oppteninga/id3080225/ 

Geografisk driftseining Nordmøre og Romsdal består av seks politistasjonsdistrikt, høvesvis Smøla og Aure, Surnadal, Indre Nordmøre, Kristiansund, Hustadvika, Molde og Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt. Stillinga har for tida arbeidsstad ved Smøla og Aure politistasjonsdistrik, med oppmøtestad Aure politistasjon, eventuelt Smøla etter nærmare avtale. 

I delar av døgnet er beredskapen dekt av beredskapsvakt med utrykking heimanfrå. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er interessert i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • arbeid innanfor vakt og beredskap i turnustjeneste etter gjeldande tjenestelister
  • etterforskingsoppgåver herunder identifisere, planleggje og gjennomføre etterforskingsskritt i straffesaker
  • gjennomføre straksetterforsking i samsvar med prinsippa til politiarbeid på staden (PPS)
  • kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • delta i politistasjonsdistriktet si beredskapsteneste
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tjenesta ved eininga, herunder forvalting og sivile gjeremål
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skolen ved tiltreding
  • inneha IP4-godkjenning, eventuelt må du kunne regodkjennast
  • god skriftleg og munnleg formulerings-/kommunikasjonsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå politistilling 
  • gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen 
  • etter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen og/eller anna relevant tilleggsutdanning
  • anna relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Robust, med dette meiner vi at du må tåle å stå i tøffe psykiske og fysiske oppdrag
  • Har gode haldningar og samarbeidsferdigheiter, og trivst med å arbeide i team
  • Løysingsorientert og sjølvstendig 
  • Systematisk, strukturert og planmessig
  • Har ønskje om fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her.  


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein utfordrande og givande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse jf. kompetansekriteriene for politibetjenter, med årslønn: 
    • Politibetjent 1: frå kr. 510 000 - kr. 560 000
    • Politibetjent 2: frå kr. 535 000 - kr. 585 000
    • Politibetjent 3: frå kr. 590 000 - kr. 640 000- For særskilt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn bli vurdert
  • ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjersle etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
  • du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no 
  • det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida 
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Arnfinn Fuglevåg

Politistasjonsjef

+47 40022161

Om bedriften

Smøla og Aure kommunar ligg på Nordmørskysten på grensa til Trøndelag. Me har variert natur med høve til god livskvalitet. Mykje natur, jakt og fiskemoglegheiter, toppturar. Sjå gjerne på opplevsmola.com og iaure.no for inspirasjon.

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. 

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f1dcdd5b-fe01-4ab3-8a3a-58ffa7556d37

Sist endret

1. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290153

Lignende annonser

Laster lignende annonser