Stipendiat i kulturvitskap
Universitetet i Bergen
Øysteins gate 3, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i kulturvitskap
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk, engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 4. mai 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stipendiatstillinga er øyremerka eit ph.d.-prosjekt om naturkultur-relasjonar i musea, og skal bidra til å styrkje forsking, forskingskompetanse og samarbeid om FoU-oppgåver i musea.
Stillinga er lyst ut i samband med prosjektet NAMUS, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Musea i Sogn og Fjordane, Hardanger og Voss Museum og Museum Vest samt ei ekstern referansegruppe med leiande internasjonale ekspertar. Stipendiaten vil dermed bli ein del av ei tett samarbeidande forskingsgruppe som arbeider med museumsfaglege spørsmål i nær tilknyting til både universitetsmiljø og museumssektoren.
Stipendiaten vil få høve til å samarbeide med toppforskarar på feltet, delta på konferansar og seminar i inn- og utland og gjere eit større, samanhengande feltarbeid i utvalde institusjonar ved dei konsoliderte musea i Vestland fylke.
Om NAMUS:
The Nature of Museums: On the Interweaving of Nature and Culture in Museums (NAMUS), er eit prosjekt finansiert av Norges Forskningsråd for perioden 2026-2029.
Prosjektet fokuserer på korleis det moderne skiljet mellom natur og kultur kjem til uttrykk ved norske museum og byggjer på eit rammeverk som kombinerer kulturvitskapelege og kulturhistoriske perspektiv på musea med historiefagleg og sosialantropologisk innsikt.
Vi søkjer ein kandidat som med utgangspunkt i musea i Vestland utviklar eit prosjekt knytt til korleis naturkultur-relasjonar har kome/kjem til uttrykk i t.d. museumsetableringar, tradisjonshandverk, samlings- og formidlingspraksisar og i ulike måtar å forstå historie, kultur- og naturarv på i den antropocene tidsalder. Prosjektbeskrivinga med meir informasjon om ulike forskingstema i NAMUS er tilgjengeleg på nettsida til Musea i Sogn og Fjordane.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.
Samla stipendperiode er tre år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet. Som stipendiat blir du tatt opp i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha:- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan kulturvitskap, kulturhistorie, museums- og kulturarvstudiar, miljøhumaniora, historie eller andre museumsrelevante fag. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurdert etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner.
- Evne til å forstå og tolke norske kjelder i samband med feltarbeid- og datainnsamling.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk.
- Erfaring frå eller god kunnskap om museumssektoren.
- Erfaring frå samarbeidsprosjekt på tvers av sektorar.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og din motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgje:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til ph.d.-programmet sin opplæringsdel.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via portalen, lastast dei opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Formelle reguleringar:
- Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga.
- Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.
- Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Teemu Ryymin, e-post: teemu.ryymin@uib.no, tel.: +47 55 58 38 79 eller prosjektleiar, førsteamanuensis Torgeir Rinke Bangstad, e-post: torgeir.bangstad@uib.no, tel.: +47 400 90 380.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b020d74b-a66f-4c96-bb57-29c2d4968042
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271277
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen