Stipendiat ved institutt for informasjons og medievitskap
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat ved institutt for informasjons og medievitskap
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ph.d.-prosjektet vil fokusere på dei etiske aspekta ved språkteknologi (Natural Language Processing, NLP), og ta for seg utfordringar som bias, rettferd, samsvar med menneskelege verdiar og tryggleik i dagens språkmodellar. Etter kvart som NLP‑baserte system blir teken i bruk i stadig fleire delar av samfunnet, aukar behovet for metodar som kan identifisere og redusere etiske risikoar slike teknologiar kan medføre.
Prosjektet kan undersøkje korleis etiske utfordringar oppstår gjennom datainnsamling, modelltrening, justerings‑metodar eller implementering i praksis. Moglege forskingsretningar inkluderer å måle og redusere sosiale og kulturelle skeivskapar, evaluere tryggingsmekanismar og tiltak for skadeførebygging, studere verdi‑justering, og utvikle robuste rammeverk for evaluering og risikoredusering. Kandidaten kan også foreslå andre relevante og nærståande problemstillingar som grunnlag for vidare undersøkingar. Det endelege fokuset kan tilpassast interessene til kandidaten. Prosjektet gir fleksibilitet til å utforske fleire delprosjekt, samtidig som det bidreg til eit overordna mål om å utvikle etisk medvitne og samfunnsansvarlege språkmodellar.
Kandidaten skal levere ein ph.d.-plan innan tre månader etter oppstart.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjaren må ha ei norsk mastergrad, eller ei tilsvarande utanlandsk mastergrad, innan eit relevant fagfelt som Natural Language Processing (NLP), språkteknologi, informatikk med spesialisering i NLP eller maskinlæring, eller tilsvarande. Masteroppgåva må vere levert før søknadsfristen. Det er eit krav at grada er fullført før oppstart i stillinga. Kravet er karakteren B eller betre på masteroppgåva og for mastergrada totalt. Sjå avsnittet «Om ph.d.-stillinga» for formelle krav til mastergrada.
- Gode programmeringsferdigheiter i Python.
- Tidlegare erfaring med nevrale metodar, særleg generative språkmodellar, er ein fordel.
- Erfaring frå arbeid i høgytings‑datamiljø (HPC) og erfaring med post‑trening, finjustering eller trening av store språkmodellar (LLMs) er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Erfaring frå relevant vitskapleg arbeid (t.d. tidlegare konferanse- eller tidsskriftpublikasjonar) er ein fordel.
- God skriftleg og munnleg engelskkunnskap er eit krav.
- God skriftleg og munnleg kompetanse i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Me søkjer ein kandidat som kan arbeide sjølvstendig, jobbe strukturert, samarbeide godt og har entusiasme for forsking. Personlege eigenskapar og relasjonelle ferdigheiter vil bli vektlagde, i tillegg til vurdering av ambisjonar og potensial.
- Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen, og arbeidet krev at du er fysisk til stades ved instituttet dagleg.
Søkjarar må utarbeide eit prosjektforslag for eit prosjekt som skal resultere i ei doktorgradsavhandling.
Ved vurdering av søknadane blir det lagt vekt på den faglege kvaliteten i prosjektforslaget og søkjarens grunnleggjande faglege kvalifikasjonar. Det vil også bli lagt vekt på strategiske omsyn, motivasjon og dei personlege kvalifikasjonane til søkjaren.
Kandidatar som går vidare i prosessen vil bli inviterte til intervju.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):
Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse.
Om forskarutdanninga:
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. . For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Prosjektet:Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.
Vi tilbyr:
- Stilling som stipendiat (kode 1017) med årsløn kr. 568 700, - brutto. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging.
- Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Eit prosjektforslag som beskriv kva for eit etisk aspekt du ønskjer å fokusere på, og kva forskingsspørsmål du ønskjer å utforske. Forslaget skal vere mellom 5 og 8 sider, inkludert referansar).
- Ein søknadstekst (éi side) som kort gjer greie for forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkja stillinga.
- Eit kort samandrag av masteroppgåva (inntil to sider), i tillegg til sjølve oppgåva.
- CV.
- Relevante attestar, karakterutskrifter og vitnemål. Dokumentasjonen skal vise fullført bachelor‑ og mastergrad.
- Det er ein fordel (men ikkje eit krav) å leggje ved ei kodeprøve du er stolt av (anten som fil eller lenkja til GitHub e.l.), til dømes eit script du skreiv til masteroppgåva eller ei obligatorisk oppgåve.
- Liste over vitskaplege publikasjonar og/eller konferansepresentasjonar (om aktuelle).
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar. Éin av desse må vere hovudrettleiar for masteroppgåva eller tilsvarande.
- Dersom du har ei mastergrad frå ein institusjon utanfor Norden, eller ein 2‑årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn det du søkjer på, kan du bli beden om å sende inn ei oversikt over pensum for grada seinare i søknadsprosessen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 07.06.2026.
Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis SamiaTouileb, samia.touileb@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no
Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til seniorrådgjevar: Elina Troscenko, elina.troscenko@uib.no
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58c6a0da-b38c-4c0f-bd73-c952f7478ef6
- Sist endret
1. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10289697