Hopp til innhold

Har du lyst å vere leiar for ein motivert og engasjert gjeng?

Arbeidsgiver

Medisinsk observasjonspost Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Funksjonsleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hos oss får du moglegheit til å bli ein del av eit spennande og kompetent fagmiljø. Medisinsk observasjonspost ved Haugesund sjukehus står framfor ein viktig endringsprosess, der vi i nær framtid flyttar inn i flunkande nye lokale i tilknyting til akuttmottaket.

Posten har 8 senger og 4 behandlingsstolar, og tek imot pasientar frå 12 år og oppover med uavklara medisinske problemstillingar som krev observasjon. Dette kan til dømes vere brystsmerter, mistanke om hjartearytmi, observasjon i samband med undersøkingar, intox og polikliniske akutte forløp. Vi har kort liggetid og eit høgt pasientgjennomløp gjennom heile døgnet.

Avdelinga har om lag 14 tilsette. Som leiar inngår du i den eldremedisinske leiargruppa, og du vil ha tett samarbeid med akuttmottaket i samband med flytteprosessen. Stillinga er 100 % administrativ.

Kjenner du at dette er ei leiarrolle du har lyst til å prøve deg på?


Kva går jobben ut på?

  • Overordna ansvar for sengeposten.
  • Sikre fagleg forsvarleg verksmed, pasienttryggleik og kvalitet.
  • Ansvar for vidareutvikling av drift for posten.
  • Følge opp pasientsikkerhetsfokus ved avdelinga og sjukehus.
  • Fremje gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt.
  • Stillinga er i hovudsak administrativ, men det kan ved behov forventast bidrag i drift.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Autorisasjon som sjukepleiar.
    • Relevant leiarutdanning/leiarerfaring innan helse- og sosialområde er ønskjeleg.
    • Gode datakunnskapar.
    • Minst 2 års sjukepleiarerfaring/praksis i aktuelt fagområde.

    Personlege eigenskapar blir vektlagd.

    Kva ser vi etter hos deg?

    Hos oss er det viktig at du:

    • er tydeleg og har ein motiverande leiarstil.
    • ser etter løysningar med evne til å ta avgjerder.
    • er utviklings- og resultatsorientert.
    • bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
    • trivst med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper.
    • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
    • set pris på å samarbeide med kollegaer.
    • er strukturert.

    Kvifor skal du velje oss?

    • Fagleg og personleg utvikling
    • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
    • Triveleg arbeidsmiljø
    • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Elis Simone Hunt, Funksjonsleiar pleie, 91638926
    Doreen Halleland, Avdelingsleder

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5053006155
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 27.01.2026

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    aeccc829-dbe3-4ea1-84b9-64d06572eedd

    Sist endret

    28. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    340751a4776d4bd5ac107d1da3a941d9

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Helsehuset og Bjørgene omsorgsboliger, Helse, omsorg og sosiale tjenester

    Sted

    Haugesund

    Arbeidsgiver

    Hjemmetjenesten, Helse, omsorg og sosiale tjenester

    Sted

    Haugesund