Helsefagarbeidar - vil du ha ein jobb med friheit, fag og fellesskap?
Bemanningssenter, fast ansatte, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. mars
Hos oss i Bemanningssenteret kan du få nettopp det:
Meir friheit til å påverke turnusen, ein variert arbeidskvardag og kollegaer som backar deg. Du jobbar på tvers av avdelingar, blir kjent med mange fagmiljø og bygg brei erfaring – samtidig som du utviklar deg fagleg. I full stilling får du òg fleksibilitetstillegg på 33 000 kr.
🫶 Stillinga passar for deg som vil byggje brei klinisk kompetanse og lære fleire prosedyrar som ofte ligg til sjukepleiarrolla. Du får god opplæring, tett oppfølging og støtte frå erfarne kollegaer – og ein kvardag som gir både meistring og fagleg utvikling.
📞 Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat – vi fortel gjerne meir om korleis det er å jobbe hos oss.
👉 Søk no – vi gler oss til å få deg med på laget!
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Meir friheit i turnusen – du er med og påverkar arbeidsplanen din.
- Fleksibilitetstillegg på 33 000 kr per år i full stilling.
- Opplæring i prosedyrar som ofte ligg til sjukepleiarrolla.
- Varierte dagar – du jobbar på tvers av avdelingar og lærer mykje.
- Brei erfaring og kompetanse som du tek med deg vidare.
- Nye kollegaer og nettverk på fleire avdelingar på sjukehuset.
- Vi legg til rette for fagleg utvikling og vidareutdanning.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som helsefagarbeider.
- Gode IT-kunnskaper.
- Kjennskap til DIPS og Meona er ein fordel (opplæring blir gitt).
- Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg (opplæring blir gitt).
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- handterer variasjon godt og finn deg raskt til rette på ulike avdelingar
- tek ansvar og møter pasientar og kollegaer med omtanke og respekt
- held oversikt når det er travelt, og finn gode løysingar saman med andre
- likar å lære og tek på deg nye oppgåver når det trengs
Vitnemålsportalen
vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5085418727
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Toril Førland
Funksjonsleiar
+47 99009179
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
84d7809c-4362-4dfe-a8fe-879f93cd49a2
- Sist endret
26. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
39e355081a3b48ef8180ea1e4fabe1b4
Lignende annonser
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Sentrum behandlingssenter, avd. korttid og rehabilitering
Sted
Haugesund
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Dagtilbud Tilrettelagte tjenester
Sted
Haugesund
Fagansvarlig sykepleier
Arbeidsgiver
Hjemmetjenesten, Helse, omsorg og sosiale tjenester
Sted
Haugesund