Hopp til innhold

Lærling - Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Kompetanse og utdanning, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i helsefagarbeid
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
11
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Helse Førde har lange tradisjonar og positive erfaringar med opplæring av helsepersonell. Vi er eit helseføretak med lokasjonar både i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. Vi har ledige læreplassar i helsearbeidarfaget innan psykiatri, medisin og kirurgi. Som lærling, får ein rullere til fleire fagavdelingar i løpet av læretida.

Vi kan tilby ulike læreplassar som er spennande og utfordrande i eit godt fagmiljø. Lærlingansvarleg og rettleiarane våre sørgjer for at du får tett og individuell oppfølging gjennom læretida. Vi har utarbeidd eigen kompetanseplan som sikrar at måla i læreplanen for helsearbeidarfaget vert ivaretekne. 

Ber om at det i søknaden vert opplyst om kvar du helst ønskjer å få tilbod om læreplass; Sunnfjord, Sogn eller Nordfjord. Om du har interesse for eit særskilt fagfelt, må du gjerne opplyse om det i søknaden.

Det er viktig at det blir lagt ved vitnemål for Vg1og Vg2, eventuelt første termin Vg2 ved søknaden. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging og pleie
  • Arbeidsoppgåvene er tilpassa læreplanen sine kompetansemål
  • Tredelt/todelt turnus med arbeid kvar tredje helg

Kvalifikasjonar

  • Bestått Vg1 Helse- og oppvekstfag 
  • Bestått Vg2 Helsearbeiderfaget
  • God datakunnskap/trygg i bruk av digitale verktøy
  • God orden og åtferd
  • Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivert for å vere lærling og for å verte rettleia
  • Motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Imøtekomande og syner respekt for pasientar, pårørande og kollegaer
  • Pliktoppfyllande og initiativrik 
  • Må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Personleg eigna

Referansar vert etterspurd

Vi tilbyr

  • Du får løn etter tariff for lærlingar
  • Vi kan tilby eit spennande arbeidsmiljø med god oppfølging og rettleiing etter opplæringsplanen
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Variert praksis
  • Eigne fagdagar for lærlingar som er tilpassa kompetansemål i opplæringsplanen
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Kontaktinformasjon

Anja Solheim Kiil, Rådgjevar, (+47) 952 41 883

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5061262358
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ac26d4d1-1102-4980-809a-43727e167482

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6d229b7a267147e4965c08e2ad3fd171

Lignende annonser