Hopp til innhold

lærling i hestefag.

Arbeidsgiver

OPK-FO - Førde vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Naustdalsvegen 12, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
lærling i hestefag.
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Førde vidaregåande skule har ledig læreplassar i hestefaget frå 1. august 2026
Midt i Sunnfjord kommune ligg Førde vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt med skulestad Øyrane, som er plassert i Førde sentrum og skulestad Mo, som er plassert 11 km utanfor sentrum. Førde vgs. tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektro- og datateknologi, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknologi og industrifag, Naturbruk, Medium og kommunikasjon, Kunst, design og arkitektur og studiespesialiserande . I tillegg har skulen undervisning ved sosiale og medisinske institusjonar i Førde, vaksenopplæring og ulike kurs. Hesteanlegget omfattar stallplass til ca. 30 hestar, oppvarma, ny ridehall, travbane og fleire utandørs ridebaner. Skulen har til ei kvar tid 2 lærlingar i hestefaget.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver er knytt til kompetansemål i læreplan for faget på vg3 nivå.

Du må delta i den daglege drifta av hesteanlegget på skulen.

Kvalifikasjonar

-        Fullført og bestått Vg2 Heste- og dyrefag eller Vg2 Hest- og hovslagarfag. 
-        Erfaring og ferdigheiter knytt til hald og bruk av hest.
-        Førarkort for bil og traktorsertifikat er ei føremon. 
-        Krav om gyldig politiattest.

Personlege eigenskapar

-        Du må vere sjølvstendig.
-        Du må kunne kommunisere og samarbeide med andre tilsette og elevar
-        Du må vere ansvarsbevisst
-        Du må vere lærevillig og motivert for vidare læring og utvikling.
-        Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsetjinga.

Vi tilbyr

-        Eit godt skule- og arbeidsmiljø som har høge ambisjonar for elevane og som skule.
-        Tett samarbeid og oppfølging frå instruktør og andre hestefaglærarar.
-        Eit læringsmiljø med stor vekt på samarbeid og utvikling.
-        Eit aktivt og triveleg hestemiljø.
-        Nært samarbeid med lærling nr. 2

Kontaktinformasjon

Håkon Svoen, Avdelingsleiar, +47 97586667

Arbeidsstad

Naustdalsvegen 12
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5091764756
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Håkon Svoen

Avdelingsleiar

+47 97586667

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a707012c-a970-4245-8107-ce37fca72887

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

83980ab2e4d84e0196e5c95371b8fcc1

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Safe24 Da

Sted

Hovdebygda, Kristiansand, Hareid, Herøy (Møre og Romsdal), Molde, Ulstein, Volda, Møre og Romsdal, Ørsta, Oslo, Stavanger, Trondheim, Bergen, Stad, Stryn, Vestland

Superrask søknad