Hopp til innhold

Miljøkoordinator

Arbeidsgiver

OPK-FO - Førde vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Naustdalsvegen 12, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Miljøkoordinator
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Skulen har ledig fast stilling som miljøkoordinator frå 01.08.2026. 

Miljøkoordinatorane sine arbeids- og ansvarsområde er førebyggande, kontaktskapande - og sosialpedagogisk arbeid i Førde vidaregåande skule. Arbeidet vert samordna og organisert gjennom elevtenesta og skuleleiinga.

Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skulen har topp moderne spesialrom, i tillegg til ny idrettshall og eit levande bibliotek. Vi har som mål å levere opplæring av høg kvalitet.

Skulen er geografisk tredelt, med skuledrift på Mo, i Høyanger og i Førde sentrum. Denne stillinga er primært knytt til Førde og Mo. Vi tilbyr utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Media og kommunikasjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv, Studiespesialisering, Teknologi og industrifag. I tillegg har vi ansvar for undervisning ved sjukehuset, vaksenopplæring og ulike kurs.


Arbeidsoppgåver

Førebyggjande arbeid:

  • ta initiativ til og fremje tiltak som aukar trivsel og styrkar miljøet ved skulen
  • ha særleg søkelyset retta mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk
  • oppfølging av tiltak knytt til særskilte målgrupper som t.d. hybelbuarar, russ m.m. 
  • samarbeid med kommunale sosialpedagogiske tenester 
  • haldningsskapande arbeid knytt til sosiale media og nettvett

Kontaktskapande arbeid: 

  • skape best mogeleg kontakt mellom elevane og skulen 
  • stimulere til aktiv deltaking i skulesamfunnet 
  • stimulere til elevengasjement i opplæringa 
  • planlegge/arrangere/tilretteleggje for sosiale aktivitetar og møteplassar, i og utanfor ordinær skuletid som t.d. leksehjelp, open skule, internat m.m. 

Sosialpedagogisk arbeid:

  • hjelpe elevar til å finne seg til rette på skulen
  • yte hjelp til elevar som har personlege vanskar og sosiale vanskar
  • oppfølging i mobbesaker
  • mekling mellom elevar i konflikt
  • støtte lærarar i elevsaker og bidra i arbeidet med utvikling av klassemiljø

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har 3-årig U/H-utdanning (min. 180 studiepoeng), med vekt på sosialpedagogiske fag som t.d. sosionom, vernepleiar, sjukepleiar og pedagogikk.  Relevant erfaring vil bli tillagt vekt. God IKT kompetanse. Det kan utifrå søkjarmassen bli aktuelt å vurdere søkjarar som ikkje oppfyller dette kravet.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi ser etter deg som kommuniserer godt med elevar med særskilte behov og læringsutfordringar, og som kan samarbeide i team med føresette og kollegaer. Sterke relasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagt.

Vi ønsker at du er: 

  • trygg, tydeleg og inkluderande 
  • er kreativ og initiativrik
  • deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
  • meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver 

Vi tilbyr

  • eit miljø som er oppteke av utvikling for ungdom
  • eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv 
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk 
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår   
  • gode moglegheiter for utvikling og læring i eit samskapande arbeidsmiljø

Stillinga følgjer eit ordinært arbeidsår pga. behov for tiltak etter skuletid og i feriar. 

Vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju. Det vert teke atterhald om at overtallige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Kontaktinformasjon

Mats Bryne, rektor, +47 90951737

Arbeidsstad

Naustdalsvegen 12
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5095193834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Mats Bryne

rektor

+47 90951737

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

390d6345-5fa1-4796-acac-d7fef5b31e56

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

65d1d2f8d1144028b9e58b7fde2f2c38

Lignende annonser

Laster lignende annonser