Hopp til innhold

Miljøterapeut

Arbeidsgiver

Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 7, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

UPH (Ungdomsavdeling psykisk helsevern) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12 – 18 år, og den einaste av sitt slag i  Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar. 

Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):  
  • 50% fast stilling med oppstart snarast
  • Stillinga inngår i 3-delt turnus.

Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje. 


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
  • Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner 
  • Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar

Kvalifikasjonar

  • Må ha medisinsk kompetanse, f.eks. autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
  • Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786

Arbeidssted

Svanehaugvegen 7
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5133047457
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Frank Roger Kalstad

Seksjonsleiar

(+47) 578 39 786

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bf0444e6-e0d0-4ab8-af21-46f83356a511

Sist endret

21. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

67b7a37764b04c5fbadfb05e11102f58

Lignende annonser

Laster lignende annonser