Hopp til innhold

Miljøarbeidar

Arbeidsgiver

OPK-FO - Førde vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Naustdalsvegen 12, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Miljøarbeidar
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Skulen har ledig inntil 200 % faste stillingar som miljøarbeidar frå 01.08.2026. Stillinga er for tida knytt til avdeling for tilpassa opplæring.

Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skulen har topp moderne spesialrom, i tillegg til ny idrettshall og eit levande bibliotek. Vi har som mål å levere opplæring av høg kvalitet.

Skulen er geografisk tredelt, med skuledrift på Mo, i Høyanger og i Førde sentrum. Denne stillinga er primært knytt til Førde og Mo. Vi tilbyr utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Media og kommunikasjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv, Studiespesialisering, Teknologi og industrifag. I tillegg har vi ansvar for undervisning ved sjukehuset, vaksenopplæring og ulike kurs.


Arbeidsoppgåver

Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag og dei

  • deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
  • samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom
  • hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen
  • hjelper ev. til i samband med reise til og frå skule, og under ev. arbeidsutplassering i verksemd

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar. Relevante fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar kan vere ønskeleg. 

Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. 

Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule. 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi ønsker at du

  • har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer
  • samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
  • er trygg, tydeleg og inkluderande
  • er initiativrik
  • deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
  • meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom
  • eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Det vert teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillinga.

Kontaktinformasjon

Kari-Ann Bruland, Avd.leiar, 91784066, kari-ann.bruland@vlfk.no


Arbeidsstad

Naustdalsvegen 12
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5099264960
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kari-Ann Bruland

Avd.leiar

91784066

kari-ann.bruland@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

54a06283-5262-4c9b-96a2-99167a476372

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

146ee992123e409ab0ed55360bafcdea

Lignende annonser

Laster lignende annonser