Sunnfjordskulen har ledige lærarstillingar
Sunnfjord kommune Skule
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarjobb i Sunnfjord kommune
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Sunnfjordskulen er prega av trivsel, gode faglege resultat og godt profesjonsfagleg samarbeid. Vi har behov for fleire lærarar.
Som nyutdanna deltar du i eit eige program med andre nyutdanna. Dette er ein glimrande start på arbeidslivet som lærar!
Gode lønsordningar som kjem i tillegg til grunnløna di:
- kompetansetillegg om du har, eller tek studiepoeng ut over grunnutdanninga
- høge tillegg om du blir kontaktlærar
- gode tillegg om du ønsker å søke på funksjonsstillingar
Vi har ledig mellombelse stillingar ved følgande skular:
Førde barneskule:
- 100 % årsvikariat
- 40 % årsvikariat
Fagønske: Mat og helse, naturfag, norsk og spesialpedagogikk.
Førde ungdomsskule:
- 200 % årsvikariat
- 200 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.12.2026
Fagønske: norsk og engelsk. Du må kunne vere kontaktlærar.
Naustdal skule:
- 360 % årsvikariat
- 100 % vikariat frå 01.08.2026 - 03.11.2026
Fagønske: begynnaropplæring, basisfag, musikk, mat og helse og spesialpedagogikk. Du må kunne vere kontaktlærar 1. - 7.
Sande skule:
Fagønske: kunst og handverk, naturfag og mat og helse. Du må kunne vere kontaktlærar.
Skei skule:
- 100 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.12.2026
- 180 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.07.2027
Fagønske: basisfag, tysk, spesialpedagogikk. Du må kunne vere kontaktlærar.
Slåtten skule:
Fagønske: begynnaropplæring og kroppsøving.
Vassenden skule:
- 100 % årsvikariat
- 80 % vikariat frå 01.08.2026 - 28.02.2027
- 150 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.01.2027
Fagønske: basisfag, tysk, spesialpedagogikk, kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk, KRLE og samfunnsfag. Du må kunne vere kontaktlærar.
Viksdalen skule:
Fagønske: norsk, matte og kunst og handverk.
Tilsetjing skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- godkjent lærarutdanning
- gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er tydeleg og motiverande i klasseleiing, relasjonsbygging og elevhandtering
- kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
- har gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT
Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvar.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Vi krev godkjent politiattest av ny dato før start i stilling.
Du finn meir informasjon om skulane på skulane sine nettsider til Sunnfjord kommune.
Det kan bli fleire ledige stillingar fram mot skulestart på fleire skular.Søknad
Du søker elektronisk og prioriterer i søknaden kva skule du søker på. Det er viktig at du legg ved (lastar opp) vitnemål og attestar.
Velkommen som søkar! Vi ser fram til å høyre frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
116c128b-1c87-4472-b215-11762f281b28
- Sist endret
16. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3616505_142837_nn