Helsefagarbeider fast stilling
Medisinsk sengepost 1 Førde, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. mars
Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar.
Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre.
Medisinsk sengepost 1 har flytta inn i nytt og moderne sjukehus. Vi har nyre, diabetes & endokrinologi og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt. Hos oss får du ein kvardag med mykje variasjon, eit mangfald av kollegaer som du kan spørje, lene og støtte deg på.
Her det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Det er 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det.
Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere autorisert helsefagarbeider. Erfaring frå sengepost vert vektlagt. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert helsefagarbeidar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi tilbyr
Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt.
Medisinsk sengepost ønskjer å legge til rette for langvakter for dei som ønskjer å ha det. Vi startar med dette i juni på helg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, (+47) 407 29 970Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5090641364
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Magnus Jarl Midtvoll
Seksjonsleiar
(+47) 407 29 970
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
99d3a2f2-c72e-4a22-aa3d-a4b88eab3dd9
- Sist endret
4. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ce364c62dde243a8b48d52b4ba93b639
Lignende annonser
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Bemanningseininga
Sted
Førde
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Dedicare AS
Sted
Førde
Ferievikarar helsesekretær/sekretær
Arbeidsgiver
Førde, Nordfjordeid, Lærdal - Helse Førde
Sted
Førde, Nordfjordeid, Lærdal