Førde heimeteneste, eining 2 har ledig sjukepleiarstilling
Sunnfjord kommune Førde heimeteneste, eining 2
Prestebøen 8, 6809 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste?
Førde heimeteneste eining 2 held til på Førde omsorgssenter og er ei av seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi gir tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande innbyggjarar – og vi er stolte av å vere ei teneste i stadig utvikling.
Hos oss får du ein arbeidsplass med:
- om lag 40 årsverk og eit fagmiljø med brei kompetanse
- høg satsing på velferdsteknologi
- aktiv deltaking i ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling
- sterk fagleg interesse for demensomsorg og gode heimetenester for innbyggjarane våre
Vi har ledig vikariat som sjukepleiar:
Stillinga inneber ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med todelt turnus og arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss sjukepleiarar som:- er varme, omsorgsfulle og glade i menneske
- handterer ein travel kvardag med ro og tryggleik
- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- kommuniserer og samarbeider godt
- er fleksible, løysingsorienterte og endringsvillige
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
Hos oss får du:- engasjerte og støttande kollegaer og leiarar
- eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- varierte og pasientnære arbeidsdagar
- gode vilkår i tråd med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Her får du bruke kompetansen din på ein plass der jobben verkeleg betyr noko – kvar dag.
Anna informasjon:
Søknad skal leverast elektronisk og må innehalde referansar.
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a717bf90-6c33-4fb0-bb5d-db3b38966356
- Sist endret
8. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3614929_191735_nn