Hopp til innhold

Spennande stilling som sjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk sengepost, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Vi søkjer engasjert sjukepleiar til Kirurgisk sengepost ved Førde sentralsjukehus. Oppstart 17.08.2026 eller etter nærare avtale.

Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan dette vere stillinga for deg! 

Kirurgisk/ØNH/auge sengepost ved Førde sentralsjukehus (FSS) har i dag heildøgnsdrift med 16 sengeplassar og skal frå august 2026 bli ein kombinert heildøgns- og
5-døgns post. Vi tek imot både elektive pasientar og pasientar med behov for augeblikkeleg hjelp innan eit breitt spekter av kirurgiske fagfelt: 

  • Augekirurgi👁 
  • Endokrinkirurgi🧠 
  • Gastrokirurgi 🍽 
  • Karkirurgi🫀
  • Plastikkirurgi🧬
  • Thoraxkirurgi🫁 
  • Urologi💧 
  • Øyre-nase-hals-kirurgi (ØNH)👂 


Vil du bli ein del av vårt team?

Arbeidsturnusen er tredelt med moglegheit for langvakter. Du får jobbe med dyktige kollegaer og bli ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gi pasientane best mogleg pleie og behandling. 

Send inn søknad i dag og bli med på å forme framtidas kirurgiske behandling ved FSS! 


Arbeidsoppgåver

  • Pre og postoperativ sjukepleie, akutt sjukepleie, palliasjon
  • Prosedyrer knytt til dei ulike fagfelta
  • Medikamenthåndtering
  • Dokumentasjon og rapportering
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samhandling med kommunehelsetenesta

Kven er du?

Vi ser etter deg som: 

  • Er norsk autorisert sjukepleiar
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Har interesse for kirurgiske fag og varierte oppgåver
  • Det er ynskjeleg med kirurgisk erfaring/kompetanse innanfor fagfelta t.d. gastro (stomi), urologi, plastikk, karkirurgi, thorax, øyre/nase/hals (tracheostomi) eller auge.
  • Har medisinsk teknisk kunnskap og IT- kompetanse, fordel å ha kunnskap om programma DIPS Arena, IMATIS, Meona og Orbit

Personlege eigenskapar

  • Tilpassingsdyktig
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Sjølvstendig

Kva kan vi tilby deg

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag med mange prosedyrar og utfordringar
  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, fokus på kvalitet og fagleg utvikling 
  • Inspirerte og dyktige kollegaer som er gode på samarbeid og trivst i lag 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Beate Årnes, Seksjonsleiar, +47 952 06 487

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5118405565
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Linn Beate Årnes

Seksjonsleiar

+47 952 06 487

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

239a5ac0-82bd-4e9b-b2e0-93d374daea78

Sist endret

23. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

766fb9f305be48beaa7b8989f0a0d1f2

Lignende annonser

Laster lignende annonser