Hopp til innhold

Sjukepleiar 

Arbeidsgiver

Nevro og revma poliklinikk, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 9. juni

Vil du ha ein kjekk og lærerik arbeidsplass? Kom og bli med oss.

Nevro- og revmapoliklinikk ved Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering har ledige stillingar for sjukepleiarar.

Nevro- og revmapoliklinikken er ein spennande areidsplass med varierte arbeidsoppgåver. Vi greier ut og behandlar pasientar med ulike nevrologiske og revmatologiske sjukdommar. 

I tillegg har vi ein infusjonspoliklinikk der vi gir infusjonsbehandling til pasientar innan nevrologi, revmatologi, hud og auge. Frå hausten 2026 vil vi også tilby infusjonsbehandling til pasientar innan medisin og barn.

Vi har no ledig to stillingar:
  • 60 % fast stilling – oppstart 01.08.2026
    Stillinga vil hovudsakleg vere knytt til undersøking og oppfølging av nevrologiske pasientar.
  • 50 % stilling (2-årig vikariat) - opptart 01.08.2026, med moglegheit for forlenging
    Stillinga omfattar i hovudsak utgreiing og oppfølging av pasientar med osteoporose, inkludert utføring av beintetthetsmålingar.
  • Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og høg fagleg kompetanse. Vi legg vekt på samarbeid, trivsel og fagleg utvikling, og ønskjer å skape ein arbeidsplass der vi lærer av kvarandre og spelar kvarandre gode.

    Vi ber om at du opplyser i søknaden kva stilling du søkjer på. Stillingane kan kombinerast med andre stillingar.

    God opplæring og rettleiing vil bli gitt.


      Arbeidsoppgåver

      60% stilling:
      • Oppfølging og rettleiing av pasientar ved nevrologisk poliklinikk
      • Utføring av klinisk nevrofysiologiske undersøkingar og testar
      • Dokumentasjon og registrering i elektronisk journalsystem
      • Delta i utviklingsarbeid knytt til fagområdet.


      50% stilling

      • Utgreiing og oppfølging av pasientar med osteoporose og eventuelt andre revmatologiske sjukdomar.
      • Utføring av beintetthetsmåling
      • Dokumentasjon og registrering i elektronisk journalsystem
      • Delta i utviklinigsarbeid knytt til fagområdet

      Kvalifikasjonar

      • For stillingane ønsker ein i utgangspunktet offentleg godkjent sjukepleiar. I stillinga knytt til osteoporose opnar ein også for at radiograf kan søkje.
      • Erfaring innan nevrologi/ klinisk nevrofysiologiske undersøkelsar eller osteoporose/beinbrudd er å føretrekke, men er ikkje eit krav.
      • Gode IT-kunnskapar, god teknisk forståing
      • Gode norskkunnskapar både sriftleg og munnleg

      Personlege eigenskapar

      • God kommunikasjonsevne med  pasientfokus 
      • Gode samarbeidsevner, med fagleg interesse og engasjement.
      • Kunne arbeide  strukturert og sjølvstendig, men også fungere godt i team.
      • Fleksibel og trivst med høgt arbeidstempo
      • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

      Vi tilbyr

      • God opplæring
      • Høgt fagleg nivå
      • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
      • Fagleg og personleg utvikling
      • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
      • Gode pensjons- og forsikringsordningar

       

      Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

      Kontaktinformasjon

      Anne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538
      Elin Ese, Seksjonsleiar, (+47) 986 04 663

      Arbeidssted

      Svanehaugvegen 2
      6812 Førde

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgiver: Helse Førde

      Referansenr.: 5128013598
      Stillingsprosent: 60, 50%
      Fast, Vikariat
      Søknadsfrist: 09.06.2026

      Kontaktpersoner for stillingen

      Elin Ese

      Seksjonsleiar

      (+47) 986 04 663

      Anne Marit Sølvberg Rygg

      Avdelingssjef

      (+47) 958 25 538

      Om bedriften

      Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

      Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

      Sektor

      Offentlig

      Del annonsen

      Annonsedata

      Rapporter annonse
      Stillingsnummer

      27a735f9-1424-4f28-8392-0df3a460a790

      Sist endret

      19. mai 2026

      Hentet fra

      talentech

      Referanse

      c8b557f858f54d0ca289b411416c35c7

      Lignende annonser

      Laster lignende annonser