Hopp til innhold

Vil du bli helsefagarbeidarlærling hos oss?

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Helse og omsorg

Sted

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Vi gler oss til å ta i mot to nye lærlingar som helsefagarbeidarar frå august 2026. Vi har eit godt organisert program for våre lærlingar, og har fokus på å leggje til rette for ei god læretid og skape interesse og engasjement for yrket. Som lærling i Fjaler vil du ha variert praksis, og vil bli fulgt opp av fagleg leiar i helse og omsorg, i tillegg til oppfølging frå instruktørar i dei ulike einingane. 

Er du interessert i å vite meir om lærlingordninga hos oss? Då håpar vi du tek kontakt så vi kan få fortelje korleis det er å vere lærling hos oss.

Arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegging og oppfølging av tenester til brukarar
  • Tverrfagleg samarbeid og samhandling med pårørande
  • Målretta miljøarbeid
  • Føring og bruk av opplæringslogg
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Bestått VG1 Helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 må leggast fram før signering av lærekontrakt
  • Kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Positive haldningar og gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi tilbyr

  • Varierte praksisperiodar i heimetenestene, ved Fjaler sjukeheim, og i miljøtenesta
  • God oppfølging av dyktige instruktørar, rettleiarar og leiarar med fagleg bakgrunn
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid og hyggelege kollegaer
  • Lærekontrakt og opplæringskontrakt
  • Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling i 2 år
  • Løn under utdanning

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Hanne Ulvatne Igelkjøn - koordinator tenestekontoret

+47 57738125

hanne.igelkjon@fjaler.kommune.no

Om bedriften

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

37623970-130d-4edf-994a-d12eff2e33f5

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3587753_142011_nn

Lignende annonser