Seniorkonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorkonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent
Ei av Noregs mest populære utdanningar treng fleire dyktige administrative medarbeidarar.Bli ein del av vårt tverrfaglege studieadministrative miljø som jobbar for å utdanne framtidas juristar! Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med utviklingsmoglegheiter.
I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som seniorkonsulent.
Du blir del av eit engasjert og kompetent team som legg til rette for eit godt studieløp for studentane og bidrar til å ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Vi er stolte av studiet fakultetet tilbyr, og masterprogrammet i rettsvitskap har vunne fleire prisar. Som ledd i det kontinuerlege kvalitetsarbeidet implementerte vi ny studieordning i 2021, og prosessen held fram ut vårsemesteret 2026.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneber eit breitt spekter av studieadministrative oppgåver, til dømes:
- Administrative oppgåver som støttar undervisningsaktivitetar for studentar og undervisarar
- Koordineringsarbeid knytt til eksamenar og sensur
- Saksbehandling av ulike typar studiesakar
- Studentinformasjon
Denne stillinga er ideell for deg som er fleksibel og trivst med variasjon. Du må kunne skifte fokus raskt, handtere endringar, halde hovudet kaldt i hektiske periodar, og samstundes jobbe effektivt og nøyaktig. Vi ønskjer ein person som kan ta initiativ til forbetringar og bidra positivt og motiverande i både det faglege og det sosiale fellesskapet.
Som følgje av implementering av ny studieordning kan det bli endringar i arbeidsoppgåvene, men vi vil så langt det er mogleg tilpasse arbeidsoppgåver og ansvarsområde til din kompetanse og interessefelt. Alle tilsette i administrasjonen må, i tillegg til spesifikke funksjonar som ligg til stillinga, ivareta andre administrative oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du har:
- Mastergrad, bachelorgrad saman med lang, relevant administrativ erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande mastergrad. Kandidatar frå alle fagområde blir oppmoda til å søkje, og du treng ikkje ha juridiske emne i graden.
- Erfaring frå studieadministrativt arbeid, og anna administrativt arbeid som t.d. saksbehandling og prosjektarbeid er ein føremon. Har du erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan dette også vere relevant.
- Generelt god IT-kompetanse
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du er:
- Ein gjennomførar som evnar å arbeide sjølvstendig, og tar initiativ
- Lærevillig, analytisk og effektiv
- Fleksibel, omstillingsdyktig, ansvarsbevisst og sjølvgåande
- God til å prioritere, og trivst med å drive fram og halde orden på fleire parallelle prosessar
- Ein lagspelar med forståing for heilskapen
- Dyktig til å formulere deg både skriftleg og munnleg på norsk (begge målformer) og engelsk
Vi legg særskild vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 585 000 – 630 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta i slutten av veke 5, og vi planlegg å starte med intervjuar så raskt som mogleg i slutten av januar/byrjinga av februar.
Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til assisterande fakultetsdirektør / leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no
Velkommen som søkjar!Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga og vere førebudd på at arbeidsoppgåver kan bli endra over tid.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aa22fa01-d557-4185-a248-5dc804f7338d
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275501
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen