Er du vår nye Controller ved Det medisinske fakultet?
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 91 B, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Controller/økonomikoordinator (Rådgjevar/seniorrådgjevar)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. mars
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Controller/økonomikoordinator (Rådgjevar/seniorrådgjevar)
Vil du vere med å sikre god økonomistyring ved Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 ved Det medisinske fakultet? Vi søker ein strukturert og analytisk controller/økonomikoordinator som trivst med ansvar og som er god på dialog og samarbeid.
Klinisk institutt 1 og 2 driv med forsking, utdanning og formidling av høg kvalitet og med stor samfunnsverdi. Som controller/økonomikoordinator får du ei sentral rolle i økonomistyringa på dei to institutta. Du vil ha ansvar for budsjettering, økonomioppfølging og økonomirapportering, og sikrar korrekt budsjettering og rapportering i tett samarbeid med leiinga.
Du vil være med i eit team på 14 økonomar som rapporterer til økonomisjef, samtidig som stillinga også inneber samarbeid med instituttleiinga og med andre økonomimiljø ved fakultetet og UiB.
Vi nyttar Unit4 ERP som økonomisystem samt Tableau og Excel som dagleg arbeidsverktøy.
Kvifor velje oss?
Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 har omfattande forskings- og undervisningsaktivitet. Hos oss får du moglegheita til å jobbe med spennande økonomiske utfordringar og bidra til forsking og utdanning som utgjer ein forskjell. Administrasjonen har ei nøkkelrolle i å gi solid støtte til den faglege verksemda – og du blir ein viktig del av dette. Institutta forvaltar eit budsjett på over 370 millionar kroner, kor om lag 170 mill. kr. er tildeling frå kunnskapsdepartementet og om lag 200 millionar er midlar frå eksterne partnarar.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene er knytt til økonomistyring, budsjettering, budsjettoppfølging, prognosearbeid og periodisk økonomirapportering. I tillegg vil du utøve analyse, rådgjeving og gje administrativ støtte til instituttleiinga, forskingsgruppeleiare og økonomisjef.
- Økonomioppfølging; ansvar for budsjettering, prognosar og månadsrapportering for totaløkonomien for institutta.
- Leiarstøtte og rådgiving i økonomispørsmål til instituttleingen, forskingsgruppeleiare ved institutta, og økonomisjef.
- Utføre analyser.
- Å være en aktiv bidragsytar og drive kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid innanfor økonomiseksjonens arbeidsområde.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar:- Du har mastergrad i økonomiske fag. Delar av utdanningskravet kan kompenserast for ved relevant erfaring og etter/vidareutdanning.
- Fleire års relevant erfaring med controlleroppgåver er naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar.
- Erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk.
- Svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
- God rekneskaps- og tallforståing.
- Relevant erfaring med økonomiarbeid frå tilsvarande verksemd og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren.
- Kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system.
Vi søkjer deg som:
- Er strukturert, analytisk og løysingsorientert.
- Trivest med varierte oppgåver og har god gjennomføringsevne.
- Jobbar sjølvstendig, nøyaktig og målbevisst.
- Er positiv, har høy serviceinnstilling og gode samarbeidsevner.
- Evnar å handtere mange oppgåver samtidig – både planlagde og uventa.
- Har god digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel.
- Kan løyse oppgåver av særleg komplisert karakter.
Har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
I vår samla vurderinga av kva for kandidat som er best kvalifisert, vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, motivasjon og andre kvalifikasjonskrav som kjem fram av annonseteksten.
Vi kan tilby:
- Ei spanande, kompleks og utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø.
- Ei stor kontaktflate i organisasjonen og moglegheit til å påverke økonomistyringa hos institutta.
- Gode kollegaer som deler kunnskap.
- Løn som rådgjevar (stillingskode 1434) i lønsspenn frå kr 670.000 til kr 770.000 eller seniorrådgivar (kode 1364) i lønnspenn frå 750.000-850.000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å kontakte økonomisjef Kristine Tangen, anten på mobil 95 11 66 94, eller e-post: kristine.tangen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå https://www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Odfjell, Therese Myhre
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
11bc3f0c-a36a-4535-a536-569f0fd1d2f2
- Sist endret
6. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10285664
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
PROFESSOR ELLER FØRSTEAMANUENSIS I MEDISINSK KUNSTIG INTELLIGENS VED DET MEDISINSKE FAKULTET
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen