Hopp til innhold

Stipendiat (8 stillingar) ved Det medisinske fakultet

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Haukelandsveien 28,, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Stipendiat (8 stillingar) ved Det medisinske fakultet
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
8
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat (10 stillingar)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig åtte (8) opne stipendiatstillingar med oppstart frå februar 2027. Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på tre (3), eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før tre (3) år. 

Desse stillingane er opne for søkjarar som har mastergrad som er relevant for fakultetet sine forskingsområde.

Åtte (8) stillingar er opne stipendiatstillingar 

Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under.

Denne utlysinga gjeld stillingar knytte til forskingsprosjekt ved:
– Institutt for biomedisin (IBM)
– Klinisk institutt 2 (K2)
– Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)
– Klinisk institutt 1 (K1)

For søkjarar frå Institutt for klinisk odontologi (IKO) vert det synt til eiga utlysing. 

 

Fire (4) stillingar er øyremerkte for kandidatar med bakgrunn frå forskarlina

Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand.med. og master i odontologi samt fullført forskarlina under studiet. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet.

Dei som vert uteksaminert hausten 2026 startar i stillinga 1. februar 2027. Dei som vert uteksaminert våren 2027 startar i stillinga 1. september 2027. 

Dei som får dei øyremerkte stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til seinast fire (4) månader etter at stillingsperioden er ute eller etter fullført doktorgrad. Dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina.


Vurdering av søkjaren:

Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriterium:

  • Kandidat: Søkjaren sin kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet. Krav er fullført og godkjent mastergrad (sjå meir informasjon under).
  • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det er mogleg å gjennomføre det innafor rammene til ph.d.-programmet og stipendiatstillinga.
  • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, relevant publikasjonsaktivitet. 
  • Opphald ved utanlandske institusjonar frå 6-12 månader vert tillagt vekt. Det må gå klart fram frå prosjektomtalen korleis utanlandsopphaldet er integrert i prosjektet og gjev meirverdi til prosjektet.

Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Stillingane er opne for søkjarar med profesjonsutdanning eller masterutdanning relevant for forskingsfelt ved fakultetet.     
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt 
  • Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar
Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har som mål at kandidaten skal fullføre forskarutdanning fram til doktorgrad. Stipendiaten skal gjennomgå eit godkjend opplegg, fastlagt i fakultetet sitt ph.d.-program, innafor den fastlagde tidsramma. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga. 

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje verte tilsett i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav. 

Særlege krav til stillinga
Regelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane.


Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.) 
  • Gode velferdsordningar, inkludert pensjonssparing i Statens pensjonskasse, yrkesskadeforsikring, full løn under sjukefråvær i 52 veker og betalt foreldrepermisjon.
  • Trening i arbeidstid Treningstilbud for ansatte | For ansatte | UiB
  • Norskkurs utan kostnad.
  • Fleksible arbeidsordningar, tilgang til ulike permisjonsordningar og eit støttande og trygt arbeidsmiljø som legg til rette for ein god balanse mellom arbeid og fritid

Søknaden skal innehalde føljande vedlegg, nummererte som vist under: 

  1. Søknadsbrev. Søknadsbrevet skal innehalde tittel på prosjektet og namn på både hovudrettleiarar og medrettleiarar, forskingsgruppe og instituttet der prosjektet skal gjennomførast. Her skal det òg komme fram kven som er hovudrettleiar og medrettleiar(ar). Vi gjer merksam på at hovudregel ved opptak til ph.d-programmet er éin hovudrettleiar og éin medrettleiar. I søknadsbrevet skal det greiast ut om søkjar sin motivasjon til å gjennomføre eit ph.d.-løp med det aktuelle prosjektet. 
  2. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar etter mal. Prosjektskissa skal innehalde tema, problemstillingar og val av teori og metode. 
  3. CV: (maksimalt 3 sider) etter mal
  4. Stadfesta kopi av vitnemål og karakterutskrifter av all høgare utdaning, på originalspråket. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK - dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge, er unnateke kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB  Legg ved dokumentasjon av engelsk-kunnskapar i tråd med følgjande krav
  5. Liste over eventuelle vitskapelege arbeid (PDF), med ei kort skildring av innhald og eige bidrag for kvart arbeid. 
  6. Eventuelle vitskapelege arbeid 
  7. Rettleiarerklæring (maksimalt 1 side)
  8. Hovudrettleiar  sin CV (maksimalt 4 sider) etter mal, med:
    • Kandidatproduksjon. Hovudrettleiar sin rettleiarerfaring (master- og ph.d.). Dokumentet skal innehalde ei oversikt over ph.d.- og postdoktor-kandidatar som hovudrettleiar er hovudrettleiar/mentor for, og som er finansiert av Det medisinske fakultet. Oversikta skal innehalde namn på kandidat, startdato og forventa sluttdato for alle kandidatane. Dersom du er hovudrettleiar eller mentor for kandidatar som er finansiert av Det medisinske fakultet for tida, må du opplyse om det. Det er etablert retningslinjer for kor mange kandidatar av fakultetet sine rekrutteringsstillingar ein person kan rettleie samstundes. (max 4 stipendiat og postdoktorar finansiert av Det medisinske fakultet) 
  9. Liste over hovudrettleiar sine publikasjonar siste sju år.
  10. Omtale av forskingsgruppa (maksimalt 1 side).
  11. Invitasjon for det prosjektsspesifikke forskingsopphaldet frå utanlandsk institusjon (når eit utanlandsopphald er del av prosjektet), der det klart går fram kva oppgåver søkjar skal utføre.
  12. Eventuelle andre vedlegg.
Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg og etterspurt informasjon manglar i søknaden.

Merk at kursa rettleiarkurs og Behandling av personopplysninger i medisinsk og helsefaglig forskning er obligatoriske for alle rettleiarar og mentorar ved Det medisinske fakultet og må være gjennomført før opptak til ph.d.-programmet.


Andre opplysningar:

Hovudrettleiar må ha hovudstilling (minst 50% stillingsstorleik) ved Det medisinske fakultet. Unntak kan verte gjort for personar som har bistilling ved fakultetet og hovudstilling i helseføretak i Helse Vest, i NORCE eller i primærhelsetenesta på Vestlandet. 

Hovudrettleiar må vere tilsett ved fakultetet i heile stipendperioden. Unntaksvis kan det gjerast fråvik frå regelen om tilsetjing i heile perioden, men då må ein gjere greie for korleis rettleiinga skal ivaretakast av ein annan person tilsett ved fakultetet. En person kan ikkje være hovudrettleiar på søknadstidpunktet dersom han/ho vert pensjonert (inkludert emeritus) i løpet av stipendperioden. 

Berre éin søknad frå kvar hovudrettleiar vil verte evaluert.


Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte oss på fellesutlysning ved Det medisinske fakultet

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1dc6ee46-4abd-4dc5-a504-918ae40713a7

Sist endret

9. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10303142

Lignende annonser

Laster lignende annonser