Stipendiat i medievitskap
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i medievitskap
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande og skal utførast ved instituttet. Dette inkluderer i stor grad undervisningsoppgåver.
Dette er ei opa utlysing, men vi ber søkar om å utvikle eit prosjekt som rettar seg mot den faglege innretninga til ei eller fleire av dei seks forskingsgruppene i medievitskap:
- Forskingsgruppe for Film, fjernsyn og visuell kultur: Forskar på eit spekter av uttrykk - film, video, foto, teikneseriar, tv - og på grunnspørsmål i fagfelta medieestetikk og visuell kultur.
- Gruppe for studium av medieindustri og journalistikk: Er tverrfagleg og utforskar ulike faglege perspektiv som undersøkande journalistikk, sport og kultur; digitale teknologiar; journalistrolla og profesjonsideologi; og driv undersøkingar av mediepolitikk, etikk, økonomi og journalistikkens publikum.
- Forskingsgruppe for retorikk, demokrati og offentleg kultur: Forskar på korleis ein brukar kommunikasjon til å argumentere, overtyde, og skape eller uttrykke identitet og identifikasjon – som individ, i organisasjonar og i samfunn.
- Mediebruksgruppa: Forskar på korleis menneske – som publikum, brukarar og borgarar – relaterer seg til media, og korleis ein gjennom media relaterer seg til kvarandre og til samfunnet.
- Gruppe for framveksande medium: Forskar på dei skiftande teknologiane, formar for og bruk av moderne audiovisuelle medium, med eit kombinert fokus på nye produksjonsteknologiar (til dømes utvida verkelegheit, virtuell produksjon og KI) og den nye bruken av etablerte audiovisuelle teknologiar som t.d. videospel og strøyming av video.
- Gruppe for kultur, ulikhet og demokrati (KUD): Forskar på samanhengar mellom kultur- og mediefeltet (forstått som publikum, bruk, tekstar, institusjonar og politikk) og sosial ulikskap, med spesielt fokus på implikasjonar for demokrati, deltaking og medborgarskap.
For meir informasjon om forskingsgruppene og instituttet, sjå instituttet si heimeside: https://www.uib.no/infomedia. Ta gjerne kontakt med leiar for aktuell(e) forskingsgruppe(r).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad i medievitskap eller nærskylde fagområde, inkludert tilsvarande utanlandske utdanningar. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
- Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet, og entusiasme for forskning.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Det er ein fordel om søkar beherskar norsk som undervisningsspråk.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
- Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen, og arbeidet krev at du er fysisk til stades ved instituttet dagleg.
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga:
Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er karrierefremjande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om ph.d. -utdanninga:
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3 % årleg stiging.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Prosjektet:
Ei kortfatta prosjektskildring på 5-8 sider (inkludert kjeldeliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- Prosjektskildring
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
- Relevante attestar
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar
Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.
Søknadsfrist: dato 01.10.2026.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Bjørnar Tessem bjornar.tessem@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Christine Bresil christine.bresil@uib.no
Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Elina Troscenko elina.troscenko@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e6a0c9e5-912e-4fce-ab0e-b173e3935f44
- Sist endret
24. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10306786