Universitetslektor i undersøkande journalistikk
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Universitetslektor i undersøkande journalistikk
- Type ansettelse
- Fast, deltid 30%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor
Ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er det ledig ei fast 30 % stilling som universitetslektor.
Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er eit nasjonalt kompetansesenter ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. SUJO arbeider for å styrkje den undersøkande journalistikken gjennom utdanning, kompetanseutvikling og samarbeid med mediebransjen, med særleg vekt på lokale og regionale redaksjonar. Senteret held til i Media City Bergen og er det einaste senteret av sitt slag i Noreg.
Arbeidsoppgåver:
- Rettleie og undervise journalistar i å tolke kvantitative data og forstå den journalistiske verdien av slike data
- Rettleie og undervise journalistar i deira arbeid med å tilarbeide tal, til dømes ved å drive opplæring i Excel
- Innhente, analysere og tilarbeide kvantitative data frå ulike datakjelder og leggja til rette desse for journalistisk behandling.
- Utvikle journalistiske verktøy
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad innan statsvitskap eller tilsvarande kompetanse
- Erfaring som dataanalytikar
- Erfaring med undervisning og rettleiing av journalistar i handtering av kvantitative data
- Erfaring med utvikling av datadrevet journalistikk
- God journalistisk forståing og erfaring frå journalistisk arbeid
- Erfaring med programmeringsspråk og databasar
- God kjennskap til norsk mediebransje
- God forståing for samfunnsvitskapleg metode
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode kommunikasjons- og samarbeids- og koordineringsevner.
- God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
- Ha pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi tilbyr:
- Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
- Årsløn som universitetslektor, kode 1009, mellom kr. 670 000 – 720 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Følgjebrev
- CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
- Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknader som vert sendt på e-post eller som manglar etterspurd dokumentasjon vil ikkje verte vurderte.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar ved Senter for undersøkande journalistikk, Kristine Holmelid, kristine.holmelid@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6388ac9a-9092-42c8-8e1c-146abef95622
- Sist endret
15. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10312724