Postdoktor (FoReNS) ved Det juridiske fakultet
Universitetet i Bergen
Magnus Lagabøtes plass 1, 5010 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor (FoReNS) ved Det juridiske fakultet
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 3. april
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling
Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling knytt til prosjektet ‘Folkerettslige Rammer for Nasjonal Sikkerhetsrett’ (FoReNS).
FoReNS skal analysere kva folkerettslege normer og rettsstatlege prinsipp som påverkar statens handlingsrom innan nasjonal tryggleik, og korleis desse reglane kan nyttast i forsvars- og tryggleikspolitisk praksis.Tematikken knyter seg til områda folkerett, EU/EØS-rett, rettsstat og nasjonal tryggleik. Det er ønskeleg at personen som blir tilsett har erfaring med desse rettsområda.
Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter kvalifikasjonar og treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.
Om prosjektet:
Prosjektet har som mål å utvide forståinga av dei rettslege rammene for nasjonal tryggleik som følgjer av generell folkerett, EU/EØS-rett og EMK, og å gjere denne forståinga operativ for forsvars- og tryggleikspolitikken i Noreg. Samtidig bidrar prosjektet med å utvikle tryggleiksrett som ein eigen disiplin innan norsk rettsvitskap blant anna ved å avstemme tryggleiksretten mot den generelle folkeretten og rettsstatleg regulering.
Ta kontakt med Ingrid Birce Müftüoglu for å få tilsendt prosjektskissa til FoReNS-prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) i rettsvitskap eller tilsvarande utanlandsk grad innan rettsvitskap. Det er ein føresetnad at doktoravhandlinga er levert innan søknadsfristen og at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Temaet for doktorgradsarbeidet, eller kandidaten si ekspertise, bør vere knytt til perspektiv innan folkerett, EU/EØS-rett, rettsstat og nasjonal tryggleik.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget og fagmiljøet.
- Du må meistre både engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk) på høgt nivå, så vel munnleg som skriftleg.
Kandidaten er forventa å:
- Arbeide med vitskapeleg arbeid som skal resultere i minimum 4 fagfellevurderte publikasjonar.
- Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaar.
- Delta på og være med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med dei andre prosjektmedlemane.
- Delta aktivt som medlem av og bidragsytar til Forskargruppa i rettsstat og rettsteori, og bidra til eit godt fagmiljø ved fakultetet.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år (med moglegheit for utviding inntil eitt år ). Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen): Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla i FoReNS-prosjektet.
- CV (fyllast ut i søknadsportalen).
- Ei prosjektskildring (5-7 sider) som inneheld ei beskriving av postdoktorprosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, samt ei plan for gjennomføringa av prosjektet.
- Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål.
- Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste).
- Full versjon av doktoravhandlinga og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upubliserte manuskript.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse skal vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
- Dersom skriftleg vurdering av doktorgradsarbeidet føreligg, skal denne leggjast ved. Dokumentasjonen kan sendast i etterkant dersom han først ligg føre etter søknadsfristen.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir.sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning.
Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.
Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».
Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for karriereutvikling i eit fagleg spanande arbeidsmiljø ved Det juridiske fakultetet og i Forskargruppa for rettsstat og rettsteori.
- Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 720 100. Videre lønnsutvikling vil vera avhengig av prestasjon og ansiennitet. Høgre lønn kan vurderast for ein spesielt godt kvalifisert søker.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for FoReNS -prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre prosjektet og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen finn du her.
- Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til: Prosjektleiar Eirik Holmøyvik
- Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
HR ved Det juridiske fakultet
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
28aa93db-56ef-443e-8cc2-e8e85b62ebaa
- Sist endret
13. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10286964