Hopp til innhold

Rådgjevar

Arbeidsgiver

NPI - Forsking, kompetanse og internasjonalisering, Vestland fylkeskommune

Sted

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Vil du vere med å forme eit meir sirkulært Vestland? Skal vi møte framtidas utfordringar må vi tenkje nytt om korleis vi produserer, brukar og tek vare på ressursane. Sirkulær økonomi er ein nøkkel i denne omstillinga. Vestland fylkeskommune har ei viktig rolle i å drive denne utviklinga framover. Som regional samfunnsutviklar koplar vi næringsliv, kommunar, forskingsmiljø og verkemiddel saman, og bidreg til utvikling av nye løysingar og samarbeidsformer. Gjennom finansiering av forsking og utvikling, kompetansebygging og mobilisering legg vi til rette for omstilling som skapar både berekraft og verdiskaping i heile fylket. No søkjer vi ein engasjert og nysgjerrig kollega i eit vikariat som vil vere med å styrkje satsinga på sirkulær økonomi. Her vil du inngå i eit team som jobbar tett på både forsking, næringsliv og offentleg sektor – i skjæringspunktet mellom kunnskap, praksis og politikk. 
Vikariatet gjelder for perioden 17.08.26 - 30.04.27. Nyutdanna oppfordrast til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i arbeidet med å få fram meir forsking og utvikling om sirkulær økonomi og sirkulære løysingar
  • Jobbe med å formidle kunnskap og byggje kompetanse på sirkulære løysingar i næringslivet og kommunane
  • Produsere og formidle innhald om regionalt finansiert forsking i digitale kanalar
  • Ta del i behandling av søknader om økonomisk støtte til sirkulære løysingar og andre regionale utviklingsområde
  • Vere med å arrangere konferansar og samlingar
  • Andre oppgåver knytt til forsking og formidling

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning på minimum bachelornivå frå relevante fagområde
  • Kunnskap om og interesse for sirkulærøkonomi
  • Kjennskap til forskings- og utdanningssektoren
  • Erfaring med og interesse for digital formidling
  • God kunnskap i norsk og engelsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
  • Gode relasjonelle eigenskapar
  • Evne til å kommunisere med ulike grupper
  • Gode analytiske evner
  • Evne til å ta ei heilskapleg tilnærming og sjå tematiske koplingar
  • Evne til å raskt setje seg inn i nye fagområde
  • Sjølvstendig og initiativrik

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

 

Kontaktinformasjon

Kathrin Jakobsen, seksjonssjef, 98255253

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5128423451
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 14.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Kathrin Jakobsen

seksjonssjef

98255253

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aa027b7d-b8ef-442b-ba04-49d22b37e92e

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fde17dff241e49a8b514158360c6c88a

Lignende annonser

Laster lignende annonser