Spesialkonsulent/rådgjevar HR
HR-seksjonen
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 17. august 2026
- Stillingstittel
- Spesialkonsulent/rådgjevar HR
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
oppgåver? Hos oss i Vestland fylkeskommune har vi ledig eit vikariat som rådgjevar i HR-eininga Arbeidsgjevarpolitikk og kvalitetsstyring. Dette er ein unik moglegheit til å jobbe i eit dynamisk miljø som bidreg til samfunnsutvikling – med menneske og kvalitet i fokus.
Arbeidsoppgåver
Som ein del av teamet vårt vil du få spennande og varierte oppgåver, som mellom anna:
- sakshandsaming av HR-relaterte saker frå leiarar og tilsette
- utarbeiding og analyse av HR-data for strategisk styring
- handtere spørsmål om løn, tariff- og avtaleverk i kommunal sektor
- oppfølging og dialog med arbeidstakarorganisasjonar, tillitsvalde og leiarar
- bidra med møtearangement og samlingar, og oppgåver som møtesekretær ved behov
- bidra til kontinuerleg forbetring innan fagområdet
Kvalifikasjonar
Du har utdanning på minimum bachelornivå, innan HR, organisasjonsvitskap, samfunnsvitskap eller tilsvarande.
Dette er ei stilling som kan passe for deg som er nyutdanna. Har du noko arbeidserfaring legg vi vekt på at du har bakgrunn frå HR-arbeid. Det er ein fordel med kjennskap til avtaleverket i kommunal sektor.
Du bør ha god systemforståing og digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
Du:
- kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
- er god på samarbeid
- har god rolleforståing og er løysingsorientert
- kan handtere praktiske oppgåver, og kan bidra i arbeid på strategisk nivå
- trivst med en hektisk arbeidshverdag der ein må sjonglere mange ulike oppgåver samtidig
- har god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- har interesse for HR-faget og offentleg sektor
- er nysgjerrig, initiativrik og motivert for å lære
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ei kompleks verksemd
- eit arbeidsmiljø med stor breidde og høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for læring og utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Hilde Merete Bjørnsdotter Withammer, HR-direktør, 40624416Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5143406393
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 28.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Hilde Merete Bjørnsdotter Withammer
HR-direktør
40624416
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
33e2e76e-cbfc-4e47-b434-4b51a8124e3b
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6cee64d74884c15be52c19fb4909b29