Hopp til innhold

Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk, sengepostar Førde

Arbeidsgiver

Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk, sengepostar Førde
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
60
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi treng ferievikarar på sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde. Tidsrom: 22.06.2026 - 16.08.2026

Sengepostane våre:

  • Akutt døgn
  • PSK Sikkerheit
  • DPS døgn allmenn
  • DPS døgn psykose 
Tilsetjingsperioden er 8 veker. Skal den vere kortare, må du skrive det i søknaden.


Opplys i søknaden:

  • Om ikkje 8 veker - kva veker kan du jobbe?
  • Kva for sengepost ønskjer du å jobbe ved?
  • Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis

Akutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.

PSK Sikkerhet har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø.

DPS døgn allmenn har 15 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandler mennesker med: depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar med meir. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og  kjekt miljø.

DPS døgn psykose har 8 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid
  • Turnusarbeid
  • Arbeid annakvar helg

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller 3-årig helse/sosialfagleg utdanning
  • Helsesportspedagog
  • Studentar og andre som vurderar seg sjølv som eigna kan også søkje
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
  • Relevant erfaring
  • Interesse for faget
  • Førarkort kl. B er å føretrekke

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar, har gode samarbeidsevner og respekt for arbeid med menneske som treng helsehjelp
  • God på å kommunisere, ha gode sosiale evner og kunne bygge gode relasjoner 

Vi tilbyr

  • Opplæring i eit fagleg spennande miljø
  • Opplæringskurs for nytilsette
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar - PSK Sikkerheit, 975 22 519
Roger Lundekvam , Seksjonsleiar - Akutt døgn, 952 09 377
Ingun Indrebø, Seksjonsleiar - DPS Allmenn, 478 90 705
Stephanie Levy, Seksjonsleiar - DPS Psykose, 993 78 985

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5021401853
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.01.2026

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a59ded6a-1eb1-4dec-89d6-77beb93ae77d

Sist endret

5. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fa475e011f764296bf774d0f0ffd0a7e

Lignende annonser

Laster lignende annonser