Prosjektleiar – Regionalt kompetansesenter for energisaker - 100 % - 1-årig vikariat
Kraftkompetanse KO, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektleiar – Regionalt kompetansesenter for energisaker - 100 % - 1-årig vikarstilling
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. mai
Kraftkompetanse KO er eit nytenkande og framtidsretta kompetansemiljø – eit kommunalt oppgåvefellesskap som samlar krafta frå åtte engasjerte kommunar (Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid og Seljord) og Telemark fylkeskommune. Sidan etableringa i 2020 har me arbeidd for å sikre og utvikle verdiane som ligg i regionens rike naturressursar.
Me er eit formalisert kommunesamarbeid for kraftsaker og forvaltning av naturressursar, og spelar ei nøkkelrolle i å styrke kommunane si evne til å forvalte eigne rettar, møte nye miljøkrav og skape berekraftig utvikling. Gjennom samarbeid, kompetansedeling og strategisk innsats bidreg me til å gjere kommunane mindre sårbare og meir handlekraftige.
Kraftkompetanse er ikkje berre ein arbeidsplass – det er ein arena for påverknad, utvikling og fagleg vekst. Her får du vere med på å forme framtida for kraftregionen Telemark, og bidra til at verdifull kompetanse blir verande og vidareutvikla i regionen.
Kraftkompetanse står no i startgropa for å utvikle eit meir heilskapleg kompetansesenter som skal bli ein sentral støttespelar til kommunane i Telemark i handsaming av energisaker, og til dette arbeidet treng vi ein prosjektleiar. Korleis skal kommunane balansere mellom samfunnsutvikling, klima og natur? Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med å utvikle eit framtidsretta fagmiljø, bidra til lokal verdiskaping og vere tett på dei store endringane som skjer i kraftbransjen.
Prosjektleiarstillinga er eit eittårig vikariat. Stillinga vil vere sentral i å bygge opp eit regionalt kompetansesenter for kommunane i Telemark.
Arbeidsoppgåver
Dette vert det første regionale kompetansesenteret for energisaker i Noreg. Prosjektleiarstillinga vert sentral i å forme korleis kompetansesenteret skal vere organisert og fungere i praksis.
Kompetansesenter for energisaker:
- Bidra til å utvikle organisasjonsform for kompetansesenteret
- Utvikle verktøy til hjelp for kommunane i energi- og nettsaker
- Identifisere behov for støtte i energi- og nettsaker hos kvar kommune
- Setje saman og leie team som skal støtte kommunane i konkrete energi- og nettsaker
- Bidra med fagkunnskap innan eitt eller fleire fag i team som skal støtte kommunane
- Byggje opp erfaringsbank frå arbeid med konkrete energi- og nettsaker
- Andre oppgåver kan også bli lagt til stillinga
Kompetansesenteret skal støtte kommunane og fylket i å handsame komplekse energi- og nettsaker:
- Bidra til betre og meir effektive arbeidsprosessar
- Bidra med fagkompetanse og verktøy
- Samle inn og dele erfaring innan energi- og nettsaker
- Generelt avlaste administrasjonen i krevjande energisaker
- Ved behov, vere støtte til kommunane i møte med energi- og nettaktørane
- Vere ein ressurs i utarbeiding av planar, strategiar og handlingsprogram
Kvalifikasjonar
Utdanning frå høgskule eller universitet innan eitt eller fleire fagområde:
- Fornybar energi
- Energi og energisystemet
- Natur- og miljøforvaltning
- Økologi
Gjerne også utdanning relatert til:
- Arealplanlegging
- Samfunnsplanlegging
Andre utdanningar kan også bli akseptert dersom søkjaren har relevant erfaring.
Erfaring:
- Erfaring frå prosjektleiing
- Kjennskap til kommunesektoren/offentleg forvaltning
- Kjennskap til energi- og kraftbransjen
- Kjennskap til konsesjonsprosessar i energisaker er ein fordel
- Erfaring med å bygge opp og utvikle organisasjonar er ein fordel
- Digital kompetanse er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og sjølvgåande
- Du har gode kommunikasjonsevner - stillinga krev tett kommunikasjon med kommunane og fylkeskommunen
- Du har evne til å bygge og leie team
- Du har gode gjennomførings- og ferdigstillingsevner
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Løn etter avtale
- Eit godt arbeidsmiljø med mykje humør
- Dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Mange moglegheiter med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Ein lærande og framtidsretta organisasjon
- Stor fleksibilitet til å påverke eigen arbeidskvardag
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Arbeidsstad vil vere Åmot i Vinje eller Seljord med noko moglegheit for heimekontor. Du må vente noko reiseaktivitet til dei ulike kommunane og førarkort klasse B er difor eit krav.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknadar vil bli vurdert fortløpande. Det er ønskje om oppstart så snart som mogleg.
Kraftkompetanse KO er oppteken av mangfald og ynskjer at tilsette i føretaket reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Tone A. Kiste, Dagleg leiar Kraftkompetanse KO, 97107197, tone.aanderaa.kiste@kraftkompetanse.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5119925566
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 11.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a4b7975f-fd04-4407-8d63-11a888385a85
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a6680d1dfe644be8be29ed23c3ac36bf