Fagarbeidar – inntil 100 % vikariat ved Kviteseid skule
Velferd, Kviteseid kommune
Skulevegen 9, 3850 Kviteseid
Om jobben
- Oppstart
- 3. august 2026
- Stillingstittel
- Fagarbeidar – inntil 100 % vikariat ved Kviteseid skule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for
elevane våre?
Ved Kviteseid skule har vi ledig inntil 100 % vikariat som fagarbeidar frå 01.08.2026 til 31.07.2027.
Vi søkjer etter ein varm, tydeleg og relasjonssterk vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane våre. Stillinga vil innebere arbeid både i skule og eventuelt på SFO
Arbeidsoppgåver
• Følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i undervisninga
• Vere læraren si støttande og hjelpande hand i klasserommet
• Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
• Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen
• Delta aktivt i samarbeid med lærarar, føresette og andre tilsette
• Arbeid på SFO kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar
• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg
• Anna relevant utdanning eller erfaring kan òg vere aktuell
• Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel
• Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
• Er ein varm, raus og tydeleg vaksenperson
• Er glad i barn og oppteken av at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel
• Har evne til å byggje gode relasjonar og sjå det beste i elevane
• Kan møte elevar med ulike behov med tryggleik, tolmod og omsorg
• Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert
• Kan ta imot rettleiing og beskjedar, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen
• Bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og samarbeidet på skulen
Vi tilbyr
• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
• Meiningsfulle og varierte arbeidsdagar
• Dyktige og engasjerte kollegaer
• Moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag
• Lønn etter gjeldande avtaleverk
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Gjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 40248174Arbeidsstad
Skulevegen 93850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5134208840
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 12.06.2026
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
05a33bdc-cf8a-47b8-bcb1-27d8ff946056
- Sist endret
13. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
45aa6d8ea2d24ab8bb5652766dad692b