Hopp til innhold

Ferievikarar ved Svingen og Reini bufellesskap

Arbeidsgiver

Svingen/Reini, Vinje kommune

Sted

Åmotvegen 2, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar - 100%
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

 

Vil du ha ein meiningsfull sommarjobb – og samstundes får verdifull erfaring innan helse og omsorg?

Svingen og Reini bufellesskap bur folk i eigne leilegheitar, og me er der for å gi støtte og hjelp etter behov. Svingen har 11 plassar og Reini har 2, og begge er trygge, inkluderande og gode  arbeidsplassar med fine kollegaer.

Sommarjobben passar for deg som er engasjert, omsorgsfull og likar å jobbe med menneske.  Kanskje vurderer du utdanning innan helse og omsorg, eller er allereie i gang?  Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, god opplæring og erfaring du vil ta med deg vidare.

Vil du ha ein sommar der du både lærer mykje og gjer ein forskjell? Då kan Svingen og Reini vera rette plassen for deg

Arbeidsoppgåver

  • Omsorg og pleie til bebuarane
  • Miljøtiltak ovanfor bebuarane, fylgje opp individuelle tiltak
  • Heimehjelp etter vedtak - praktisk bistand i heimen
  • Praktiske oppgåver i avdelinga, sortere arbeidsklede, rydde, vatne blomar i fellesareal og ute
  • Ut på tur med bebuarar, mange har eigne bilar

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
  • Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
  • Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Du tar initiativ og ynskjer å lære
  • Du har interesse for menneske med sammensette behov

Kvalifikasjonar

  • Du har fagbrev som helsefagarbeidar
  • Du er elev/student innan helsefag og ynskjer arbeidserfaring
  • Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid med å bistå menneske med sammensette behov
  • Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar (tilsvarande nivå B2)
  • Du har førarkort kl. B - manuelt gir

Me tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • God opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar
  • Nyttig praksis for deg som planlegg ein karriere innan helse
  • Ein jobb som betyr noko – kvar dag

Bonusordning:

  • Det blir gitt ein bonus på kr 22 000 til sommarferievikarar som oppfyller fylgjande vilkår:
  • Du arbeider meir enn 75 % stilling.
  • Du arbeider minimum seks veker i perioden veke 26–33.
  • Du arbeider 50 % av helgene i den avtalte arbeidsperioden.

 

Bonusen vert utbetalt ved siste lønsutbetaling i perioden.

  •  Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar.
  • Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen.
  • Du må levere vitnemål og attestar.
  • Du må seie kva for veker i perioden du kan jobbe.

Søkjarar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert, og du må rekne med å arbeide annankvar helg.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Åmotvegen 2
3890 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5079518145
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hjørdis Ringhus Saupstad

Avdelingsleiar Svingen og Reini

+47 97028218

hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no

Om bedriften

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4b84d477-de6d-4c6a-b88d-4e20bec22995

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

41cfc1225fca4efea94ce5e1dcfb5f58

Lignende annonser