Sjukepleiar/vernepleiar
Kviteseid kommune
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 3
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag?
Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt?
Då ynskjer me at du søkjer!
Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig:
Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d.
Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 70% fast stilling frå d.d
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.
KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå.
KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand.
Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag.
Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt gode lag.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Arbeidsoppgåver
- Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
- Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege
- Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
- Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Interesse for faget og utvikling av dette
- God digital kompetanse
- Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Mellommenneskelege arbeidstilhøve
- Du har godt humør, er fagleg engasjera og har eit hjarte for eldreomsorg
- Du er fleksibel, strukturert og løysningsorientert
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å jobbe sjølvstendig
- Du kan tilpasse deg ulike situasjonar og arbeidskvardaga
- Du kan prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyr
- Årsturnus
- Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på topp dag, kveld og helg
- Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved relevant vidareutdanning
- Fagleg utvikling
- Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
- Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor
Kontaktinformasjon
Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, 92033268Arbeidsstad
Kviteseidgata 133850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5121571680
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Helene Stensrud Flatland
Leiar Kviteseid omsorgsenter
92033268
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2f71e4c3-0e28-4e13-bb47-70048ca75146
- Sist endret
29. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8c959f3fde194a74a6f4613475a56b21