Hopp til innhold

Rådgivar internasjonalt samarbeid

Arbeidsgiver

Kompetanse- og næringsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar internasjonalt samarbeid
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Er du klar for å sjå det regionale og internasjonale i samanheng på måtar som skapar verdi og utvikling i Møre og Romsdal?

Som internasjonal rådgivar blir du del av eit lite seksjonslag som driv fram samarbeid på tvers av både fag, sektor- og landegrenser for å utvikle Møre og Romsdal for framtida.

I stillinga får du sjansen til å jobbe med varierte og utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom politikk og utvikling og på tvers av forvaltingsnivåa; frå det lokale til det internasjonale. Dette er ei stilling for deg som utforskar moglegheitsrom heller enn å bryte med barrierar, og som ser utvikling som ein naturleg del av kvardagen saman med eit lite lag i eit internasjonalt og tverrfagleg miljø.


Du skal arbeide med å 

  • halde deg oppdatert på europapolitikk og moglegheiter for samarbeid og prosjekt innan relevante EU-program 
  • oppmuntre til deltaking i internasjonalt og europeisk samarbeid i fylkeskommunen og blant andre relevante aktørar i regionen  
  • støtte, rettleie og bidra med kompetanse innan utvikling og gjennomføring av internasjonale prosjekt 
  • følge opp folkevalde med internasjonale politiske verv  
  • utforme og følgje opp relevante politiske saker  
  • evaluere, forbetre og omstille arbeidsform og strategiar i takt med endringar i politiske og økonomiske rammer 

Stillinga krev desse kvalifikasjonane

  • relevant høgare utdanning på masternivå 
  • erfaring med å drive prosessar og utvikle og hente ut verdiar frå prosjekt 
  • erfaring med å engasjere og formidle  
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter på engelsk og norsk 


Det kan også vere ein fordel med 

  • kjennskap til EU og EØS 
  • erfaring med å utvikle og leie EU-prosjekt 
  • kjennskap til Møre og Romsdal og dei naturlege fortrinna til regionen 
  • erfaring med oppfølging av folkevalde 
  • kompetanse på bruk av digitale verktøy, særleg på trygg og effektiv bruk av KI-assistentar 

For å lukkast i stillinga må du

  • trivast med å arbeide tverrfagleg og med å vere oppsøkande og nysgjerrig i møte med andre menneske og fagfelt 
  • ha blikk for strategiske moglegheiter og koplingar som kan skape meirverdi 
  • like vekslande arbeidsrytme og tidvis travle periodar med tidspress og korte fristar 
  • drive fram eigen utvikling, og like å dele og inkludere andre som del av læring og kompetanseutvikling 

Vi tilbyr

  • ei spennande stilling som del av eit lite og effektivt seksjonslag i eit profesjonelt, tverrfagleg og internasjonalt arbeidsmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og utvikling, med store rom for eigenutvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale
  • kontorstad i Molde har tilgang til trimrom
  • fleksitid

Kontorstad er i Molde eller Ålesund

Kontaktinformasjon

Birgit Aarønæs, Seksjonsleiar, +4791886088, birgit.aaronas@mrfylke.no
Ingrid Gjelsvik, Internasjonal rådgivar , 95528836, ingrid.gjelsvik@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5061310350
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a303a3d7-4298-4653-af9f-0d19bf5d3024

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1a5504f5ea064f81b4a8f5741ec58f6b

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Molde

Arbeidsgiver

Kompetanse- og næringsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Molde