Hopp til innhold

Rådgivar økonomi

Arbeidsgiver

Kompetanse- og næringsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar økonomi
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

Vil du vere med å utvikle kompetanse- og næringsområdet? 

Økonomiteamet vårt jobbar tett på heile kompetanse- og næringsområdet. Vi arbeider med å få på plass økonomiske rammer for dei ulike områda vi er satt til å forvalte.

Hos oss blir økonomi meir enn tal – det handlar om å utvikle framtida!


Arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett med oss vil arbeide med økonomiplan og analyser, budsjett, rapportering, regnskapsføring, faktura, løn og personaloppgåver.

Dine hovudoppgåver vil omfatte budsjettering, rekneskap/prosjektrekneskap, analyser, rapportering og formidling.

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast for stillinga, men vil då kunne få ein anna stillingstype enn rådgivar
  • erfaring frå offentleg sektor kan vere ein fordel
  • har god norske munnleg og skriftleg formidlingsevne  

Vi oppfordrer nyutdanna personar til å søke på stillinga

Personlege eigenskapar

  • er systematisk og nøyaktig 
  • har evne til å sjå samanhengar
  • pådrivar for å nytte ny teknologi i utvikling av fagområdet og avdelinga 
  • evner å prioritere og kan levere raskt på bestillingar med korte fristar 
  • gode formidlings- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

Dette er ei spennande stilling med moglegheit for å utvikle økonomiområdet i kompetanse- og næringsavdelinga.

Her får du både handlingsrom og moglegheit til å ta i bruk nye teknologiar i tråd med framtidige krav

Moglegheit for vidareutdanning på masternivå

Du får offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring og løn etter avtale. 

 

Vi ser fram til å høyre frå deg! Last opp din CV, vitnemål og relevante attestar.

I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ønsker vi at du svarar på følgande spørsmål i søknaden din:
  • Kva er motivasjonen din for å søke på denne stillinga?
  • Kva arbeidserfaring eller erfaring frå studietida vil du trekke fram som spesielt nyttig for denne stillinga?
  • Skildre kort dei sterkaste personlege eigenskapane dine, og korleis du trur dei vil kome til nytte i denne rolla.


    Stillinga er lokalisert på fylkeshuset i Molde saman med resten av økonomiteamet.
 

Kontaktinformasjon

Monica Kjøl Tornes, Ass.Direktør for kompetanse- og næringsavdelinga, 97195375, monica.kjol.tornes@mrfylke.no
Hedda Brønnestad Sætherskar, Rådgivar stab, 45233709, hedda.bronnestad.setherskar@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5071111954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 18.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Hedda Brønnestad Sætherskar

Rådgivar stab

45233709

hedda.bronnestad.setherskar@mrfylke.no

Monica Kjøl Tornes

Ass.Direktør for kompetanse- og næringsavdelinga

97195375

monica.kjol.tornes@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d19c3887-5d41-4148-b385-f5cf84c8472b

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e8f3b2a966b1432385135d49f2bc0f6c

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Molde