Rådgivar - tenestedesign og tenesteutvikling
Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar - tenestedesign og tenesteutvikling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. mars
Vil du vere med å utvikle kulturtenestene i Møre og Romsdal?
Vi har no ledig ei stilling som rådgivar innan tenestedesign og tenesteutvikling på kulturområdet i fylkeskommunen.
På kulturområdet har vi fleire ansvarsområde som krev mykje ressursar og som lengtar etter forbetra arbeidsprosessar. Dette gjeld til dømes drift av Den kulturelle skulesekken (DKS), plansaksbehandling og ikkje minst innan tilskotsforvaltninga. Møre og Romsdal fylkeskommune saksbehandlar over 2000 søknadar årleg berre på kulturområdet og tildeler om lag 250 millionar kroner kvart år. Tenestene våre er viktige bidrag til eit rikt og mangfaldig kulturliv i heile fylket.
Stillinga er lagt til kulturavdelinga, i stab for strategisk utvikling og analyse. Møre og Romsdal fylkeskommune har arbeidsstader i Kristiansund, Molde og Ålesund, og du må vere villig til å jobbe over heile fylket. Kontorstad for stillinga blir der den best kvalifiserte kandidaten ønsker.
Arbeidsoppgåver
I denne stillinga vil du få ansvar for tenestedesign, tenesteutvikling og digitalisering innanfor heile kulturområdet. Dette inneber å få innsikt i faktiske behov og gjennom samskaping og testing skape sømlause og verdifulle opplevingar for brukarane og for tilsette.
Oppgåver elles blir:
- prosjektleiing knytt til utviklings- og forbetringsarbeid
- koordinering av tilskotsforvaltninga i kulturavdelinga
- rapportering, statistikk og evaluering av tilskotsordningar
- utvikle gode verktøy og samhandlingsplattformer i eigen organisasjon og i samarbeid med eksterne
Ansvarsområde og oppgåver er ikkje statiske, men vil bli endra og tilpassa etter kva som er behovet
Kulturavdelinga har drøyt 40 tilsette med eit mangfald av fagkunnskap og ansvarsområder. Vår nye tenestedesigner vil få ei nøkkelrolle i å bygge bruer mellom ulike fag, forvaltning, arbeidsprosessar og digitale løysingar.
På tilskotsarbeidet vil du arbeide tett saman med ein tilskotskoordinator og eit team med erfarne saksbehandlarar.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan tenestedesign, tenesteutvikling eller digitalisering
- erfaring med prosjekt- og prosessleiing og medverknadsprosessar
- god digital kompetanse og ferdigheiter innan digitalisering, digitale hjelpemiddel og automatisering
Det er ønskeleg at du også har:
- utdanning eller erfaring frå eitt eller fleire av kulturavdelinga sine fagområde
- erfaring frå offentleg verksemd
- kunnskap om forvaltning av lover og regelverk
- kunnskap eller erfaring om bruk av KI
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er utviklingsorientert og som evnar å sjå dei lange linjene
Vi legg vekt på at du:
- er kreativ og initiativrik
- er relasjonssterk, åpen og serviceorientert
- evnar å sette deg eigne mål og jobbe sjølvstendig
- har god gjennomføringsevne og kan prioritere
- er dyktig i å drive fram prosessar og skape engasjement
- er fleksibel og taklar periodar med høg arbeidsbelastning
- ser samanhengen mellom digitale løysingar og arbeidsprosessar
- trivst i skjeringspunktet mellom fag, teknologi og utvikling
Vi tilbyr
- ei spennande stilling med stor moglegheit til å utvikle tenester for framtida
- tillit og handlingsrom til å ta initiativ og utfordre etablerte løysingar
- eit mangfaldig fagmiljø og samarbeid på tvers
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Christine Reitan, Ass. Kulturdirektør, 90998268Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5083110689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Christine Reitan
Ass. Kulturdirektør
90998268
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kulturområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6b051d0e-6a41-4a54-958e-1ce759767e3a
- Sist endret
27. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4aa96006e4804be68d3aef8624f9bd7e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stab for organisasjon og tenesteutvikling, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde
Arbeidsgiver
Molde videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde