Hopp til innhold

Blombakkane bustader

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Blombakkane bustader

Sted

Blombakkane, 5354 Straume

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider 37% fast kvilande natt
Type ansettelse
Fast, deltid 37%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

 Om avdelinga:

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenesta til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. VI har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert tillagt stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Her på Blombakkane bustader arbeider vi tett på kvarandre og har difor eit høgt nivå av kollegastøtte. Årsturnus ligg i dag med kvilande nattevakter og arbeid kvar 3 helg. Lønsprosent er 37 % og ein må være tilstades i 70 %.

Arbeidsoppgåver:
  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar ,men andre vil og bli vurdert
  • Personleg eigenskaper vert vektlagt
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med liknande arbeid.
  • Sertifikat klasse B.
Personlege eigenskapar:
  • Trygg
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Strukturert
Anna:
  • Ledig frå snarast
  • Vi tilbyr:
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling
    Kontakt :

    Avd.leiar : Daniel Savic Røed. Tlf: 48991864. E-post: Daniel.Roed@oygarden.kommune.no

     

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a03a676f-88d3-40b6-b0f3-dd7c6d3eb6c5

    Sist endret

    18. desember 2025

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3571011_192849_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser