Hopp til innhold

Sundheimen

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar 70% fast stilling - Sundheimen
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Sundheimen søkjer ein engasjert og fagleg sterk helsefagarbeidar som vil vere med og forme framtida for eldreomsorga. Er du engasjert og ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!

Vi i Øygarden kommune arbeidar aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad.

Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.

Om avdelinga:

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med totalt 54 senger. Det er somatisk- , demensavdeling og heildøgns omsorgsbustader. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politiske føringar på at fleire omsorgsbustader blir knytt til. Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar. Vi har eige produksjonskjøken og service assistentar som bidreg i avdelingsarbeidet.

Vi har frivillige som bistår oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn etc. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.

Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.

Om stillinga: 

Stillingane inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Frå 1.desember er det ny årsplan og da kan langvakter og / eller 12 helger i langvakt vurderast.

Arbeidsoppgåver:

  • Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
  • Dagleg avdelingsarbeid i samarbeid med service assistentar
  • Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid saman med sjukepleiar, fysioterapeut og lege
  • Rettleie lærlingar og elevar
  • Delegert ansvar for medikamenthandtering
  • Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldane fagsystem

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Krav om gyldig politiattest
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Personlege eigenskapar:
    • Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
    • Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
    • Du er løysingfokusert og engasjert
    • Du er fleksibel, positiv og ønskjer å skape gode augneblikk for pasientar
    • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
    • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
    • Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
    • Personleg eignaheit vert vektlagt

    Anna:

    • Stillinga ledig frå snarast : Stillinga er pr dd på 70 % og auke kan diskuterast
    • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år eller langvakter i årsplan og 12 helger pr år
    • Ekstra helg planlagt i årsplan mot kompensasjon
    • Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
    • Stillinga er 60 % + 10 % timebank

    Vi tilbyr:

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling
    • Varierende arbeid i positivt inkluderande miljø
    • Du køyrer mot trafikken og du parkerer gratis og mogleg å lade
    • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

    Kontakt:

     - Einingsleiar: Janne Thode, tlf: 56160400/45044569 

    janne.thode@oygarden.kommune.no

    - Avdelingsleiar: Glenn Bjærum, tlf: 56160400 /90076112

    Glenn.Bjarum@oygarden.kommune.no

     

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Janne Thode

    +47 45044569 +47 56160400

    janne.thode@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    6093ec38-4cbe-473e-a7cc-e542000492ca

    Sist endret

    12. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3636607_194033_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser