Hopp til innhold

Sundheimen

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg

Om jobben

Stillingstittel
Fleire ledige stillingar som sjukepleiar på Sundheimen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Vi har to ledige stillingar pt. knytt til somatisk avdeling.

Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!

Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til og er i gang med sjukepleiarteam.

Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase. 

 

Om avdelinga:

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med totalt 54 senger. Det er somatisk- , demensavdeling og heildøgns omsorgsbustader. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politiske føringar på at fleire omsorgsbustader blir knytt til. Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
  • Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
  • Utføre leiarskap når naudsynt
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Sørge for god dokumentasjon i Aidn (nytt epj. frå mai 2026)
  • Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsette
  • Handtere velferdsteknologiske løysningar
  • Enklare Laboratorie-arbeid

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
  • Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
  • Bidrar til godt arbiedsmiljø ved å fremma det positive
  • Personleg eigneheit blir vektlagt

Anna:

  • Det er mogleg å få inntil 100% fast stilling, den eine stillinga har fram til ny årsplan i desember 50% i langvakt
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr- år eller langvakter i årsplan og 12 helger pr år
  • Ekstra helg planlagt i årsplan mot kompensasjon
  • Stillinga er ledig frå 1. august
  • Vernepleiar kan bli vurdert for stillinga
  • Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 
  • Gratis parkering, og det er mogleg å lade
  • Rekruteringstillegg
  • Spennande og variable kvardager
  • Mentorordning satt i system

Kontakt

- Einingsleiar: Janne Thode, 56160400 /45044569

janne.thode@oygarden.kommune.no

- Avdelingsleiar: Silje Skaden Heimdal 56160400/96942550 

Silje.skagen@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Janne Thode

+47 45044569 +47 56160400

janne.thode@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

accce60d-8a18-43cb-a922-4b2bc81346ec

Sist endret

1. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3633157_194033_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser