Hidlamyra butilbod
Øygarden kommune Hidlamyra butilbod
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Vernepleiar 100% mellombels
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest lørdag 25. juli
Om avdelinga:
Ved Hidlamyra Butilbod er det ledig 100% mellombels stilling frå 01.09.26-13.01.27 grunna permisjon.
Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. Avdelinga yter differensierte tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Den ledige stillinga er knytt til eit døgnbemanna bustad med brukare som bur- og eller får oppfølging frå bustaden.
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av di faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester.
Arbeidsoppgåver:
- Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve lovverk, retningslinjer og vedtak.
- Rettleiing
- Praktisk bistand
- Nettverksarbeid
- Koordinere tenestetilbod, delta i samarbeidsmøta/ ansvarsgruppe
- Utarbeide og følgje opp i høve Individuell plan / tiltaksplanar
- Tilvise til behandling
- Journal- og dokumentasjonsansvar
- Legemiddelhandtering
- Oppfølging helse
Kvalifikasjonar:
- Vernepleiar/sjukepleiar, 3 årig godkjent bachelorgrad innen helse og sosial
- Førarkort klasse B
- Naudsynt med erfaring frå liknande arbeid med aktuell brukargruppe
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kunne jobbe sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner
- Stor grad av fleksibilitet
- Løysingsorientert
- Evne til å jobbe strukturert og målretta
- God evne til å takle stress og hektiske situasjonar
- Fagleg engasjert og interesse for arbeid med brukargruppa
- Positiv og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Anna:
Turnus, dag og kveld med arbeidshelg ca hver 3.helg. Langvakter.Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:
- En spanande og lærerik arbeidskvardag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar Beate Golten tlf 94020443
Einingsleiar Therese Helgesen tlf 91529795
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
095abe27-1956-4281-a5e5-94ea7fa9d9e9
- Sist endret
25. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3641491_192673_nn