Hopp til innhold

Sundheimen

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 18. august

Vil du bli ein av dei engasjerte medarbeidarane våre og jobba i eit spennande team ?

Vi søkjer sjukepleiar/ vernepleiar til vikariat stilling på natt Sundheimen. 

Om avdelinga

Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med tenester døgnet rundt. Vi har 54 pasientar fordelte på fem bufellesskap: tre somatiske og to for personar med demens.
I tillegg driv vi 10 av 20 omsorgsbustader i nabobygget. Både Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidsbuarar med samansette og krevjande diagnosar.

Vi er eit engasjert fagmiljø som jobbar strukturert og effektivt. Vi set pris på medarbeidarar som kjem med forslag til forbetringar. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse, med fokus på omsorg, tryggleik, behandling og palliasjon.

Sundheimen ligg i Skogsskiftet, om lag 15 minutt frå Straume. Tilsette har gratis parkering og tilgang til ladestasjon.

 Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
  • Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
  • Utføre leiarskap når naudsynt.
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Sørge for god dokumentasjon i Aidn( nytt epj. frå mai 2026)
  • Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsette
  • Handtere velferdsteknologiske løysningar
  • Enklare  Laboratorie-arbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar

Eigenskapar:

  • Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Personleg eignaheit blir vektlagt 

Anna:

  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år  og kr. 40 000.- for nattarbeid over gjeldande tariff i 100 % stilling.
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år
  • Ekstra helg planlagt i årsplan vert kompensert.
  • Vernepleiar kan bli vurdert for stilling
  • Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse.
  • Vikariatet varer ut august 2027.

Vi tilbyr

  • Mentorordning i system
  • Varierte sjukepleiefaglege oppgåver
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gratis parkering og moglegheit for lading

Kontakt:

-        Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569

janne.thode@oygarden.kommune.no

-        Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal . 56160400/96942550 Silje.skagen@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Janne Thode

+47 45044569 +47 56160400

janne.thode@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6edfd4d7-0b78-4405-99d9-9d546dd536ca

Sist endret

24. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3649287_194033_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser