Hopp til innhold

Rådgjevar

Arbeidsgiver

Nav Alver - Avdeling arbeidsliv 

Sted

Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest torsdag 23. april

Vil du vere med og gjere ein forskjell for folk i Nordhordland?
Nav i Nordhordland har 120 tilsette fordelt på fire kontor og gir tenester i ni kommunar. No søkjer vi ein engasjert rådgjevar i ei fast stilling på 100 %.  Arbeidsoppgavene kan være for hele regionen og reise til ulike kontor må påregnes. Primær arbeidsstad blir Nav Alver i Knarvik – eit kontor med høgt tempo, mykje kompetanse og eit sterkt fagmiljø. 

Kvifor jobbe hos oss?
Nav Alver er eit utviklingsorientert kontor med 80 medarbeidarar i tre fagavdelingar. Vi legg stor vekt på samarbeid, engasjement og heilskaplege løysingar – alltid med innbyggjarane sitt beste i sentrum. Lokala våre i Knarvik senter er lyse, trivelege og tilpassa ein arbeidskvardag der vi møter menneske med ulike behov og bakgrunnar.


Kva skal du jobbe med?

Som rådgjevar hos oss får du ein viktig rolle i å støtte brukarar som har helseutfordringar og treng arbeidsretta oppfølging. Du jobbar målretta for å hjelpe folk i retning arbeid eller utdanning – og du formidlar at arbeid ofte er mogleg både å få og å behalde, sjølv om helsa byr på utfordringar.

Arbeidet inneber mellom anna:

  • tett oppfølging og avklaring av brukarar
  • strukturert og systematisk arbeid mot arbeidsdeltaking
  • saksbehandling i tråd med relevant lovverk
  • dialog og samarbeid med arbeidsgivarar, helseaktørar og andre samarbeidspartnarar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • digital kompetanse og evne til å bruke digitale arbeidsverktøy på ein trygg og effektiv måte
  • god forståing for Nav sitt samfunnsoppdrag

Det er ønskelig at du har

  • erfaring frå oppfølgingsarbeid, arbeidsretta oppfølging eller liknande
  • erfaring med saksbehandling etter lovverk
  • kjennskap til arbeidsmarknaden og samarbeid med arbeidsgivarar

Kva vi ser etter hos deg?

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å skape tillit i møte med menneske i ulike livssituasjonar
  • evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte, også i ein hektisk arbeidskvardag
  • endringsvillig og bidreg aktivt til samarbeid og fagleg utvikling i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • gode faglige og personlige utviklingsmuligheter
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
  • hos oss får du muligheten til å jobbe i en spennende og effektiv organisasjon med mål om god kvalitet på tjenestene
  • stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgjevar. Lønsspennet er frå kr. 622 000 til kr. 660 000 per år, avhengig av utdanning og kvalifikasjoner. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 

Kontaktinformasjon

Inger Brekke, Avdelingsleiar, 917 24 947, Inger.Lise.Brekke@nav.no

Arbeidsstad

Kvernhushaugane 2
5914 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5081935646
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Inger Brekke

Avdelingsleiar

917 24 947

Inger.Lise.Brekke@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

979d2b7c-a067-40b4-827b-ee87e6584dda

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f2389fa07d1e497bb74112dac35af684

Lignende annonser

Laster lignende annonser