Hopp til innhold

Rettleiar i Nav - vikariat

Arbeidsgiver

Nav Bergen sør

Sted

Kokstadflaten 40, 5257 Kokstad

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar i Nav - Vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest onsdag 22. april

Vil du bidra til at personar som er arbeidsledige, er sjuke eller har nedsatt arbeidsevne kjem seg i arbeid? Trur du at dei fleste, sjølv med fysiske eller psykiske utfordringar, kan stå i ordinært arbeid? Ønskjer du å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag? Ser du moglegheiter og er god til å motivere?
Då håper vi du vil søke jobb hos oss!

Nav Bergen sør ser etter medarbeidarar som ønsker å hjelpe menneske med mål om å komme i eller behalde arbeid. Du vil bli ein del av ei avdeling som arbeider med brukarar over 30 år. Det er no ledig inntil to vikariat, foreløpig for 4 månader, med moglegheit for forlenging.

Vi er eit kontor i stadig utvikling, med kvalifiserte og motiverte medarbeidarar. Vi gjer tenester til bydelane Fana og Ytrebygda. Vi held til på Kokstadflaten, i flotte lokale med aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

Nav Bergen sør består av ein statleg og ein kommunal del, og desse stillingane tilsettast i den statlege delen. Vi er organisert i ulike team, inndelt etter brukarane sine behov for tenester. 


Kva går jobben ut på?

  • kartlegging, oppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med mål om å få eller behalde arbeid
  • saman med brukar kartlegge kompetanse, ressursar og sjå moglegheiter hos arbeidsgjevarar og/eller i arbeidsmarknaden
  • vurdere, iverksette og følge opp aktuelle arbeidsretta tiltak 
  • samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
  • dokumentere arbeidet i Nav sine datasystem
  • sakshandsaming etter gjeldande lovverk

Andre oppgåver må påreknast

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helsefag, samfunnsfag, pedagogikk eller rettleiing. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. 
  • rettleiingskompetanse eller erfaring frå oppfølging av menneske i ulike livsfasar
  • være flink til å handtere digitale verktøy i arbeidet, og ha kjennskap til Office 365
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne og gode norskkunnskapar  (minimum tilsvarande nivå B2)

Det er ein fordel at du har 

  • kjennskap til arbeidsmarknaden  
  • erfaring med sakshandsaming frå offentleg sektor

Kva ser vi etter hos deg?

  • du er trygg og taklar ein variert og hektisk arbeidskvardag
  • du arbeider målretta, systematisk og heilskapleg
  • du er god til å motivere, skape engasjement og bygge relasjoner 
  • du vil møte menneske med ulike utfordringar og behov. Det er derfor viktig at du kan lytte, rådføre deg med andre og kommunisere klart og tydeleg

Kvifor velje oss?

  • moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer, og gode høve for fagleg utvikling
  • velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
  • bybanestopp like ved kontoret og parkeingshøve
  • statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønsspenn frå kr. 622 000,- til kr. 660 000,- per år.  For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Stian Nygård, Avdelingsleiar, 911 11 152, stian.nygard@nav.no
Bente Woods, Avdelingsleiar, 95760993, bente.sandum.woods@nav.no

Arbeidssted

Kokstadflaten 40
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5109631502
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Bente Woods

Avdelingsleiar

95760993

bente.sandum.woods@nav.no

Stian Nygård

Avdelingsleiar

911 11 152

stian.nygard@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4ec9ec8b-7c44-46e8-89f9-fec893e3757b

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

35bdd5a2404d4abbb05b996bf9c4e273

Lignende annonser

Laster lignende annonser