Hopp til innhold

Avdelingsleiar Ung og Familie 

Arbeidsgiver

Nav Askøy, regionkontor vest

Sted

Gamle Kleppestøvegen 2, 5300 Kleppestø

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Avdelingsleiar Ung og Familie - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 12. mai

Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i livet til menneske? Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den vi ser etter.

Vi ser etter ein vikar som kan leie avdeling Ung og Familie frå august og ut desember 2026. Avdelinga har ansvar for kontoret si oppfølging av brukarar under 30 år, og har eit team som jobbar med utsette familiar, levekår og som koordinerer Tryggest i Askøy kommune.

Avdelinga løyser oppgåver med eit breitt fagleg spekter. Du vil ha ansvar for om lag 19 fagleg dyktige medarbeidarar, tilsette både i stat og kommune. Vi ønskjer oss ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Stillinga krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing, samt evne til å leie ei verksemd i stadig endring med høg omstillingstakt.

Nav Askøy har flotte, nye kontorlokale og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er 70 tilsette, inndelt i 4 avdelingar. Du finn oss sentralt plassert på Kleppestø senter, med gode buss- og båtforbindelsar. Reiser du frå Bergen, køyrer du køfritt både med buss og bil. 


Kva går jobben ut på ?

  • leie og utvikle team i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag og mål
  • personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
  • følgje opp resultat og leggje til rette for kontinuerleg forbetring
  • representere avdelinga og regionen i interne og eksterne samarbeidsfora. Aktuelle eksterne samarbeidspartnarar er barnevern.
  • vere ein aktiv medspelar i leiarteamet på kontoret og i regionen, og bidra til heilskaplege løysingar til beste for brukarane våre
  • bidra til eit godt arbeidsmiljø for avdelinga og kontoret, og byggje felles engasjement og kultur

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha 
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring frå leiing, fortrinnsvis frå offentleg sektor
  • forståing av leiing i staten og samfunnsoppdraget
  • leiareigenskapar i tråd med verdiane og leiar­krava i etaten
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk

Det er ein fordel om du har

  • relevant utdanning innan leiing
  • erfaring frå arbeidsinkludering og/eller marknadsarbeid
  • god forståing av teamarbeid og teamutvikling

Kva vi ser etter hos deg?

  • du er samlande og raus, og evnar å rettleie, utvikle og skape meining for dine medarbeidarar
  • du ser medarbeidarane dine og kommuniserer forventingar og tilbakemeldingar på ein tydeleg og inkluderande måte
  • du jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • du er nytenkande, fleksibel og tek ansvar for din faglege utvikling
  • gode relasjonsevner

Kvifor velje oss?

  • ei meiningsfull leiarrolle i eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit sterkt og kompetent fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • vikariat som avdelingsleiar i stillingskode 1407, med lønnsspenn frå kr. 800 000 til kr. 850 000 kroner. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 

Les meir om å jobbe i Nav

Kontaktinformasjon

Helga Torgersen, Regionleiar, 40 80 61 85

Arbeidssted

Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5119053529
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 12.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Helga Torgersen

Regionleiar

40 80 61 85

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6c180640-00e3-48bb-99cf-027e6699a614

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

84b415fb0bac4632a09c34ff6ed8a8cc

Lignende annonser

Laster lignende annonser